Kurset er eit dagskurs 7. mai frå kl. 10.00 -17.00.
Stad: Kokstadflaten 36 (FK-bygget) Bergen

Advokat Jan Bangen frå Norges Bondelag vil stå for det faglege innhaldet. Jan er kjent som ein engasjert foredragshaldar med stor kunnskap om eigarskifteprosessen. 

Informasjon om kurset

Ei eigendomsoverdraging og eventuelt etterfølgjande pensjonering byr på store og små utfordringar både juridisk, skattemessig og personleg. Ein skal følgje lovverket, samtidig som eige liv og gardens framtidige liv etter overdraginga skal planleggjast for ei best mogleg løysing for alle partar. 

Vestland Bondelag arrangerer kurs for dykk som er på veg inn i næringa og på tur ut av næringa eller på annan måte er involvert i ei gardsoverdraging.

I tillegg til overdraging av gardsdrift med tradisjonell drift vil gardar med tilleggsverksemder som serveringsverksemd, lokalmatproduksjon, Inn på Tunet osv få fokus.

Erfaring frå tidlegare kurs viser at deltakarar der fleire frå familien kjem saman opplever større utbytte av kurset. Vi oppmodar difor til at begge generasjonane deltek, gjerne med partnarar og søsken. Det er rabattert pris for deltakar nr 2, 3, osv. per familie. I tillegg får medlemmar* i Norges Bondelag ein fordel.

Tema på programmet:

- Arverett og framtidsfullmakt

- Rettsforhold mellom ektefelle og sambuarar

- Verdisetting, takst og oppgjer

- Viktig å ta omsyn til der det er tilleggsnæring. (f.eks serveringsverksemd, lokalmatproduksjon osv.

- Skattemessige forhold

- Meirverdiavgift, dokumentavgift og tinglysningsgebyr

- Odelslova, konsesjon og kåravtalar

- Pensjon og trygd
 

Påmelding til eigarskiftedagen

For meir informasjon og påmelding klikk her

KOntaktperson: nora.stromberg.amble@bondelaget.no