Sporingstilhøva i fjellet har ikkje vore dei beste så langt i vinter, men dei to siste vekene er det dokumentert funn av spor og møkprøvar både i Indre Sogn og sør på Hardangervidda i Ullensvang og Vinje kommunar.  Det er snakk om fleire individ både i sør og nordaust i fylket.  Erfaringsmessig så tek sporobservasjonane seg opp utover vinteren i samband med auka ferdsel. Difor er dette urovekkande for beitebrukarane i fylket vårt. 

Du finn dokumentere spor, DNA prøver med meir ROVBASEN.  Der kan alle gå inn og følgje med på oppdatering. 

Dokumenter og meld frå til SNO om du ser spor 

Dei aller fleste av oss har med oss kamera på tur.  Dersom du kjem på noko du meiner kan vere jervespor så ta fleire bilete:

  • Ta bilete med til dømes trinse på skistav aller handflate attmed for å fortelje noko om storleik
  • Ta bilete av sporrekka slik at det vert tydeleg korleis dyret har gått
  • Noter koordinatar for funnet så godt som mogleg
  • Ha gjerne med plastpose slik at du kan samle inn eventuell møkkprøve

PÅ ROVDATA sine siderfinn du kunnskap om kva du bør ha med på tur for å kunne samle med deg møkkprøve til DNA analyse. 

HER fin du Vestland sine Rovviltkontaktar knytt til SNO. 

PÅ ROVDATA finn du statistikk og fagkunnskap om jerv.  I 2023 vart det stadfesta 64 ynglingar i Norge, noko som er høgt over  bestandmålet på 39.  Det gjer sjølvsagt at det kjem for mange jerv inn i og inn mot beiteområda i vest. 

Avgjerande med felling av jerv - også denne våren

Allereie no ser vi tydeleg trong for å redusere bestanden av jerv i region 1 og i grenseområda i region 3 og region 2.  Utan uttak i regi av Statens naturoppsyn (SNO) vil det vere vanskeleg å kunne oppretthalde Region 1 sin beiteprioritet.  Difor har vi i Vestland Bondelag sendt brev til Miljødirektoratet der vi ber om uttak av jerv i Region 1 før beitesesongen, avsluttar Gry Ingvild Agjeld. 

Gry Ingvild Agjeld