Påmelding til leiarmøte i Vestland Bondelag 2024
Lokallagsleiarane er kalla inn på leiarmøte i Vestland Bondelag torsdag den 7. og fredag den 8. november på Voss. Vi gler oss til å samle organisasjonen til fagleg påfyll og sosialt samvær.
- Politiske resultat vert skapt i skjæringspunktet mellom, gjensidig tillit, respekt, kunnskap, dialog og repetisjon, seir fylkesleiar Gry Ingvild Agjeld
Difor er det viktig for oss i Vestland Bondelag og delta der politikarane er, held Agjeld fram. Sist helg var ho som fylkesleiar gjest i Vestland arbeiderparti sitt årsmøte. - Eg kjende meg veldig velkomen, og vi fekk ein veldig bra plass til helsinga. Programmet var slik; Marte Mjøs Persen ynskte velkomen og hadde leiars tale, så var det tid for konstituering av møtet, deretter helsing frå Vestland Bondelag, og etter det Energiminister Terje Aasland, smiler Agjeld.
Gledeleg med så stor interesse for Bondelaget og kva vi er opptekne av denne viktige våren for norsk matproduksjon.
Avslutningsvis så delte ein tydeleg fylkesleiar følgjande bodskap med årsmøtet i Vestland arbeiderpart:
I Bondelaget så hegner vi om forhandlingsinstituttet. Vi har sterk tru på at eit samarbeid mellom næringa og staten gir oss best moglege vilkår for matproduksjon i Noreg. At vi saman kan sikre eit rammeverk som gir norsk matproduksjonen gode nok konkurransevilkår. Vi arbeidar for å få til ei god jordbruksavtale som sikrer norsk matproduksjon, verdiskaping, beredskap og busetting i ei tid der inntektsmoglegheita for bonden er usikker. Dette har kanskje aldri vore viktigare.
Kva kan de som politikarar i Vestland elles gjera for å støtte bonden og vera med på å auke sjølvforsyninga, matsikkerheit og styrke beredskapen?
Kjøp norsk mat, spør etter norskprodusert mat, sørg for at vi gjennom offentlege innkjøp støtter lokal matproduksjon. Dette er det mogleg å gjera, no. Skal vi produsere meir norsk mat må den norske forbrukaren spørje etter produkta våre, og du må vite i butikken at det er dette du velgjer. Vi set ikkje krav til produksjonsmåte til importert mat. Då er det KUN pris som gjelder.
I Bondelaget seier vi KJØP SESONG, ET NORSK OG ET OPP. Det er det aller, aller viktigaste de kan bidra med. Godt møte vidare, det er viktige saker de arbeider med, Og eg er glad for at de har eit godt landbruksutval som er opptekne med å ha dialog med oss i faglaga.
HER kan du lese heile helsinga som fylkesleiar Gry Ingvild Agjeld kom med i fylkesårsmøtet til Vestland Arbeiderparti