Fylkesstyret i Vestland Bondelag har med utgangspunkt i innspel frå 52 av våre lokallag arbeidd med utforming av innspel til Norges Bondelag før årets forhandlingar.  For oss i Vestland er det resultatet av årets forhandlingar som er heilt avgjerande.  Det å gjere eit godt og sterkt arbeid saman som næring for å sikre matprodusentane sårt tiltrengt auke i inntektsmoglegheitene, er det aller, aller viktigaste seier ein tydeleg fylkesleiar.

Resultatet av Jordbruksforhandlingane 2024 er viktigare enn nokon gong. 

  • Det handlar om å styrke den økonomisk berekrafta på kvar einskild gard
  • Det handlar om korleis og kvar vi skal produsere maten i vårt eige land
  • Det handlar om å styrke sjølvforsyninga til nasjonen vår gjennom optimal bruk av jordbruksareala til produksjon av mat der areala ligg
  • Det handlar om å styrke totalberedskapen i ei uføreseieleg verd

Det handlar om å prioritere på ein slik måte at jordbruksareal i heile Norge vert brukt til produksjon av mat.  Faresignala er mange.  Areal eigna til matproduksjon går ut av bruk grunna manglande økonomisk berekraft i næringa.   Mange bygder er komne dit at arealbruken er avhengig av «den siste bonden i bygda».  Omverda ser det ikkje før det er for seint, før attgroinga vert synleg, skular lagde ned og vi får bygder som berre «lever» når det er ferietid.  Som det står i NOU2023:17 – Nå er det alvor: Matproduksjon basert på hjemlige ressurser representerer i tillegg en beredskap gjennom at det bor folk i hele landet.

DIFOR:

  • er resultatet av årets jordbruksforhandlingar det viktigaste
  • må økonomiske verkemiddel med distrikt og struktur prioriterast
  • må årets jordbruksforhandlingar gå i ei retning som motverkar sentralisering av norsk matproduksjon til nokon få område i landet vårt
  • må mjølkeproduksjonen og dei grovfôrkrevjande produksjonane prioriterast høgast i 2024

Vestland Bondelag sine hovudprioriteringar i innspelet til Norges Bondelag

  1. Sterk styrking av økonomien i mjølkeproduksjonen på ku og geit
  2. Sterk styrking av distriktsverkemiddel i alle produksjonar,  for å sikre eit landbruk i heile landet
  3. Velferdsordningane må styrkast vesentleg
  4. Marknadsordningane må sikrast og helst styrkast

Det er umogleg å styrke beredskap, sjølvforsyning og berekraft utan å målrette verkemidlane godt, slik at ledig jordbruksareal i distrikta kan nyttast til produksjon av mjølk/storfekjøt/lammekjøt og frukt/bær/grønsaker, medan kornjord vert nytta til produksjon av korn.   Ein spreidd produksjon er også positivt av omsyn til sjukdomar på dyr og planter samt eit endra klima med stadig meir nedbør og oftare tørke, held Agjeld fram.

Arbeidsdelinga i norsk landbruk med eit produserande landbruk i heile landet er den beste matberedskapen som Norge kan ha.   Det er også ein beredskap for nasjonen å ha menneske som bur og driv næringsverksemd i heile landet heile året.   Gjennom å prioritere og styrke målretta økonomiske verkemiddel kan styresmaktene legge til rette for ein styrka beredskap og ei styrka sjølvforsyning.   Det krev pengar frå staten samt vilje frå næringa til å prioritere matproduksjonen i distrikta.   Norsk beredskap og sjølvforsyning vert ikkje styrka gjennom ei framhaldande sentralisering av norsk matproduksjon til ein stadig mindre del av jordbruksarealet, avsluttar Agjeld