Påmelding til leiarmøte i Vestland Bondelag 2024
Lokallagsleiarane er kalla inn på leiarmøte i Vestland Bondelag torsdag den 7. og fredag den 8. november på Voss. Vi gler oss til å samle organisasjonen til fagleg påfyll og sosialt samvær.
Vestland Bondelag samla inn pengar til Malawiprosjektet under fylkesårsmøtet i Bergen. Det vart 32 050 kroner.
Malawiprosjektet er ei solidaritetsprosjekt der "bønder støttar bønder". Bondelaget har ein samarbeidsavtale med Bygdeungdomslaget og Utviklingsfondet. Målet er å betre livsvillkåra for bøndene i Malawi.
Kvart år arrangerer fylkeslaget loddsal under årsmøte for å samle inn pengar til prosjektet. Gevinstane som vert lodda ut er sponsa av bedrifter i Vestland. Me ynskjer å takke alle som støtta oss med gåver. Tusen takk.
På møte vart det selt lodd for 28 050 kroner. I tillegg kjøpte Vestland Bondelag gåvekort til innleiarane på møte frå utviklingsfondet. Gåvekorta kosta 4000 kroner.
Vestland Bondelag er stolte over å ha samla inn så mange tusen. Det er kjekt å sjå at folk er så flinke til å kjøpe lodd, og støtte solidaritetsprosjektet vårt i Malawi.
Les gjerne meir om Malawiprosjektet her.