Suksess for Haustmarknaden i Lærdal
Foreininga Lærdalsmarknaden meiner det var besøksrekord.
- I år var det veldig hektisk, spesielt på laurdag.
Det seier Jon Tamnes i foreininga Lærdalsmarknaden. Han trur det vart besøksrekord i år.
- Me har ingen tal å syne til, men eg har aldri sett så mange her før.
Suksess
- Folk handlar mykje, det er verkeleg kjekt å sjå.
Tamnes fortel at han har fått mange gode tilbakemeldingar på arrangementet.
- Det er så kjekt å få positive tilbakemeldingar, no gler me oss til Julemarknaden nest siste helga i november.
Foreiniga Lærdalsmarknaden arrangerer tre marknadar i året.
- Det er kjekt arbeid, spesielt når ein får positiv respons.
Bileta har me fått løyve til å bruke av foreininga Lærdalsmarknaden