Bergen Internationale Filmfestival www.biff.no har mange interessante filmar på plakaten, mellom anna «The farmer and the hipster». Den østerikske filmen handlar om ein diskusjon mellom ein urban redaktør og en bonde. Dette utvikler seg til eit vennskap og god forståing for utfordringane bonden står overfor.

Problemstillingane som blir tatt opp i filmen er svært gjenkjennbare for ein vestlandsbonde.

Geir Totland frå fylkeskontoret deltok med innleiing og spørrerunde etter filmen. Det vart til saman 9 framsyningar av filmen for om lag 750 elevar frå vidaregåande skule. - Eg er imponert over engasjementet til elevane, sa Geir etter filmen.

Takk til BIFF som set ein slik film på plakaten.