Oppstryn Bondelag, i samarbeid med Mental helse, Leve, Frivilligsentralen i Stryn, Voksne for barn og Røde Kors inviterer til foredrag med Oddvar Vignes i Stryn kulturhus måndag den 13. november klokka 19:00

Vignes er Rogalending og deler ope frå eigne erfaringar den gong livet var vanskeleg.   Foredraget tek utgangspunkt i eige liv og gard, masteroppgåve og nylege hendingar i mediene, og vert formidla med eit stort glimt i auga. Tema som vart omhandla er mellom andre generasjonsskifte, forhaldet til tilsynsmyndigheiter, eigenrevisjon og kva det vil seie at noko er godt nok.

- Eg håpar at mange finn vegen til Stryn kulturhus den 13. november, seier lokallagsleiar Rolf Olav Gjørven som også er styremedlem i Vestland Bondelag. 

Her kan du lese meir om foredragshaldaren