Jørgen Naustdal held fram med å leie Førde Bondelag
31. oktober hadde Førde Bondelag årsmøte.
ATTVAL: Jørgen Naustdal held fram som leiar for Førde Bondelag.
Årsmøte i Førde Bondelag vart halde på Førde Gjestehus og Camping. Årsmeldinga vart opplese og godkjent.
Styret har siste arbeidsår gjennomført tre møter. Samstyret har hatt eit møte. Laget er flinke til å stille på arrangement i regi av fylkeslaget. Dei var i tillegg medarrangør under Open Gard på Mo.
Val:
Leiar: Jørgen Naustdal
Nestleiar: Karin Øverlid Grøneng
Kasserar : Øystein Holsen
Sekretær: Ole Andre Sønnervik
Styremedlem: Terje Hagen
Styremedlem: Erik Bruland
Styremedlem: Nils Anders Gjerland.
1.vara : Jan Inge Hage
2.Kari Solem
3.Bodil Støfring
I valnemda sit Oddgeir Kvamsås, Kjell Olav Kusslid og Steinar Hundvebakke.