Dette er ei verksemd, der ein med utgangspunkt i garden sine ressursar og personlege eigenskapar hos eigarane skapar positiv og ny næringsaktivitet på ein stad "der ingen skulle tru at nokon kunne bu".   Eigarar av verksemda er Ole-Ivar Aam Sognnes og Ina Sognnes.

Han er odelsguten, som etter å ha vore vekke frå bygda nokon år, tok eit aktivt val om å verte bonde og matprodusent, men som raskt innsåg at skulle han kunne utvikle garden som ressurs måtte han ha fleire bein å stå på.   Parallelt med gardsdrifta starta han difor opp med Bygdeservice – eit tenestetilbod som har synt seg å verte svært godt motteke i kommunen og nabokommunen.

Ho er byjenta med ei over snittet interesse for hest. Saman har dei to barn som også vert involvert i aktivitetane på garden frå dei er heilt små.   Deira næringsverksemd og den kontinuerlege utviklinga som dei gjer med utgangspunkt i sine personlege ressursar og garden sine ressursar skapar også sysselsetjing for andre. Det skapar aktivitetstilbod i ein del av Noreg der fråflytting og folketalsnedgang er ei utfordring. Dei torer å satse og gå motstraums i Hyllestad kommune langt vest i Norge.  Det står respekt av det dei saman har fått til så langt og kjenner vi dei rett stoppar det ikkje her.   

Imponert over kva dei får til

I løpet av nokre år har dei utvikla ein tradisjonell vestlandsgard til ein ny og moderne gard med mjølkeproduksjon i lausdrift, og tilleggsnæringar som gjev fleire bein å stå på. Målet er at begge ektefeller kan vere heiltids næringsdrivande, og ha tilstrekkeleg driftsøkonomi for å ha fleire tilsette. 

Næringsaktiviteten til Indrefjord Gard omfattar følgjande: 

  • Mjølk og kjøt(kvalitetskalv) 
  • Hest i Næring: Oppdragskøyring, hesteaktivitetar, tur og opplevingar frå hesteryggen, arbeidsoppdrag, tilsyn og gjeting av beitedyr 
  • Inn På Tunet: Hovudfokus på lokal ungdom som treng alternativ skule og arbeidskvardag. Konseptet er under utvikling, og vert eit viktig satsingsområde når byggeprosjekt med betre fasilitetar for brukarar står ferdig i 2024 
  • Bygdeservice: Park og hage, brøyting, vegvedlikehald, graving, skogsarbeid o.l. Dei siste åra har dei også nytta arbeidshest der det er rasjonelt 

 Dei har 25 mjølkekyr, totalt ca 90 storfe og 7 hestar av ulik alder, kjønn og rase og ein mjølkekvote er på 160 000 liter. Dei leverer ca 10 tonn storfekjøt pr år.     Indrefjord Gard jobbar hardt for å oppnå god kvalitet på produkt og teneste. Bedrifta har stort fokus på dyrevelferd, haldningar og trivsel. Garden er moderne, men dei tek inn gamle tradisjonar der dei til dømes nyttar hest i mange arbeidsoppgåver der det er rasjonelt. Dei kombinerer teknologi, menneske og dyr i berekraftig arbeid og produksjon og synleggjer og framsnakkar jobben med gardsdrift i sosiale medier. Bedrifta jobbar for å hjelpe ungdom med utfordringar og ekstra behov ved å tilby dei jobb på garden. Ungdommane får vere med på oppdrag og får ein stor læringsarena.  

Dei er ein viktig del av samfunnet til Hyllestad og inviterer både skuleungdom og barnehage på besøk for å lære dei om gardsdrift. Dei skapar arbeidsplassar for ungdom i kommunen. Ole-Ivar og Ina si investering i garden har bidrege til at fleire i områda rundt har blitt motivert og inspirert til å gjere det same. Dei har vist at det går an å drive gard med fleire tilleggsnæringar og leve av det på eit geografisk område der forholda tilseier at det ikkje skal gå bra. Dette har dei gjort ved hjelp av robotteknologi og bruk av hestane i landskap der store moderne landbruksmaskinar ikkje kjem fram.  

Dei har turt å satse, og dei har klart å skape ein framtidsretta arbeidsplass med mange moglegheiter for vidare utvikling. Paret har dedikert heile livet sitt til prosjektet og har brukt enorme mengder med eigeninnsats for å få det realisert.  RESPEKT og lukke til vidare. 

Her finn du pressemeldinga frå Innovasjon Norge som kunngjer kvifor Indrefjord Gard er tildelt den Regionale Bygdeutviklingsprisen.

Geir Totland helsa vinnarane på vegne av Vestland Bondelag

GRATULERER SÅ MYKJE FRÅ ALLE I VESTLAND BONDELAG

Adventskalendar i 2022

Reportasje frå gardsbesøk hos familien i 2019

Juletradisjonar - Ole-Ivar fortel i 2016

Finalist til årets Unge Bonde 2013

Ole-Ivar Aam Sognes helsar og takkar for prisen på vegne av heile familien framfor fylkestinget i Vestland.