Prosjekta «Barrierer og suksesskriterier for norske gårds- og viltslakterier» og «Meir viltkjøt Vestland» har sett fokus på potensialet for å auke verdiskapinga frå viltkjøtressursane. Prosjekta har avdekka fleire flaskehalsar for å utvikle ei næringa basert på viltressursane, men dokumenterer også mange moglegheiter for å lage verdikjeder og skape meirverdiar. I dette webinaret vert mellom anna resultat frå ei nasjonal og ei regional (Vestland) undersøking blant aktørane i viltkjøtnæringa presentert.   Ulike næringsaktørar som lever av viltkjøt presenterer verksemda si medan andre vil gje tips om korleis ta i bruk viltkjøtet for å skape rike matopplevingar.   Ein kan sjølv velje om ein vil sjå eitt eller fleire av webinara. 

 

Webinar 1: 08:30-10:00:    Status for viltkjøtnæringa i Norge og i Vestland

Presentasjonar:

  • Status for viltkjøtt i Norge, AgriAnalyse v/ Hilde Lyby Wærp
  • Hjorteressursen i Vestland, Bondelaget v/Merete Støfring
  • Viltkjøt i Vestland og potensiale for næringsutvikling, Norsk Hjortesenter v/Jon Anders Stavang

 

Webinar 2: 1030-1200:    Næringsverksemd basert på hjort

Presentasjonar:

  • Viltslakteri - utfordringar og moglegheiter, v/Kjell Kristian Carlsen
  • Jakt og jaktutleige – Bonde og Småbrukarlaget v/Nina Gjelsvik
  • Oppdrett: – Norsk Hjorteavlsforeining v/Mette Hågensen
  • Omsetning og bruk av viltkjøt i eiga bedrift. v/kjøkkensjef Thomas Smådal

 

Webinar 3: 1300-1430:  Viltkjøt som utgangspunkt for rike matopplevingar

Presentasjonar:

  • Jegeren sitt ansvar for å ta vare på kjøtet etter felling. NJFF v/Eivind Lurås
  • Ernæring – vilt, sunt og berekraftig?
  • Uendelege moglegheiter – inspirasjon til gourmetmat i friluft. NJFF v/Anine Gutubakken Byles

 

Påmelding innan 20. november 2023:  PÅMELDING