ATTVAL: Erlend Brede Fossen held fram som leiar for Viksdalen Bondelag.

 

Årsmøte i Viksdalen Bondelag var i Eldalstunet i Viksdalen. Erlend Brede Fossen vart vald til ordstyrar. Han gjekk gjenom årsmelding og rekneskap. Dei vart vart begge godkjent.

Laget har hatt god aktivitet gjennom året. Dei har gjennomført to styremøter, og hatt god kontakt via digitale tjenester. Det har også arrangert medlemsmøte med pizza. Vidare har dei samla inn landbruksplast to gonger, arrangert studiearbeid i førekant av jordbruksforhandlingane, vore medarrangør under Open Gard på Mo og delteke på markvandring saman med NLR. 

I tillegg har laget gjeve eit saueslakt til skulen, der dei var med å parterte slaktet. Viksdalen Bondelag er flinke til å stille på møter i regi av Fylkeslaget. Dei har også lagt ned ein solid innsats på verving siste arbeidsåret.

 

Val

KJEKT PÅ ÅRSMØTE: Det var mykje god mat på menyen denne kvelden.

 

Leiar: Erlend Brede Fossen

Nestleiar: Ivar Strand

Kasserar: Jan Morten Råheim,

Sekretær:Torstein Hatlestad 

Studieleiar:Idar Viken

1.vara: Arve Bell

2. vara: Oddmund Tormodset

3.vara: Ruth Fossen

4.vara: Endre Råheim

5.vara: Sonja Oppedal Iversen.

 

I valnemda sit Atle Hoff, Gro Haga og  Atle Vallestad.