ATTVAL: Heile styre til Breim Bondelag tok attval.

 

Breim Bondelag er eit veldig aktivt lag, og kan syne til mykje aktivitet siste arbeidsår. Dei har mellom anna bygd to paddockar til Fjordhestgarden, vore medarrangør på eit støttearrangement for Ukraina, arrangert Open Gard og deltke på møter i regi av fylkeslaget.   

 

Dei vart også kåra til årets lokallag under årsmøtet til Norges Bondelag i juni. 

 

Det var eit kjekt årsmøte, der Rolv Olav Gjørven deltok frå fylkeslaget.