Spanande program på Viltseminaret 2018
Om du har interesse for viltforvaltning bør du setje av dagane 2. og 3. mars i Førde. Då vert årets viltseminar skipa til på Scandic Sunnfjord Hotel.
VILTSEMINARET ER EIT SAMARBEID mellom Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Bondelag, Vestskog og Stiftelsen Norsk Hjortesenter. Det set fokus på aktuelle tema i høve hjortevilt, småvilt og rovvilt. Målet er å skape ein felles møtestad og arena for den kommunale viltforvaltninga, grunneigarar, jegerane og elles alle med interesse for vilt og viltforvaltning.
Under første dag av årets seminar setter vi fokus på CWD, og det som av mange vert rekna som eit skifte innan norsk hjorteviltforvaltning. Her får vi siste nytt med kunnskap om sjukdommen og ikkje minst status i høve til nedskyting av villreinstammen i Nordfjella. Er det eigentleg rett veg å gå? Heile programmet finn du nedanfor.
Påmelding gjer du på sidene til Norsk Hjorteviltsenter
DAG 1 | Fredag 02.03.18 Møteleiar: Merete Støfring, Sogn og Fjordane Bondelag |
11:00-12:00 | Ankomst og registrering |
12:00-12:45 | Lunsj |
12:45-13:00 | Velkomen til seminar – Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter |
13:00-13:30 | Kvifor brukar vi ikkje kunnskapen vi har i viltforvaltninga - Torstein Storås, INN |
13:30-13:45 | Hindringar for bestandsretta forvaltning - Arve Aarhus, Vestskog |
13:45-14:00 | Pause – kaffi eller te med pausebuffet |
14:00-14:30 | CWD/Skrantesjuke på hjort – Jørn Våge, Veterinærinstituttet |
14:30-14:45 | CWD/Skrantesjuke og vegen vidare - Hallgeir Herikstad, Mattilsynet |
14:45-15:00 | Pause – kaffi eller te |
15:00-15:30 | Lokal og regional viltforvaltning - medspelar eller motstandar i kampen mot CWD ?- Siri Bøthun, sekretær I Nordfjella villreinnemd |
15:30-15:45 | Korleis tilpasse hjorteviltforvaltninga til CWD - Miljødirektoratet |
15:45-16:00 | Pause – kaffi eller te med pausebuffet |
16:00-16:30 | Presentasjon av deltagerne i panelet |
16:30-18:00 | Paneldebatt CWD som ledes av Eldgrim Fossheim |
20:00 -20:30 | Kåring av årets minste hjortebukk |
20:30 | Festmiddag - oppdekking i eigen sal |
|
|
DAG 2 | Laurdag 03.03.18 Møteleiar: Reidun Solberg Seim, NJFF Sogn og Fjordane |
09:30-09:45 | Velkomen til dag 2 av seminaret – Magnus Frøyen, Norsk Hjortesenter |
09:45-10:30 | Gås – beiteskader, jakt og forvaltning - Ove M. Gundersen frå Norges Bondelag og Ingunn Tombre frå NINA |
10:30-11:00 | Drone og nattkikkert med mer. Lovlig bruk av ny teknologi? - Miljødirektoratet |
11:00-11:15 | Pause – kaffi eller te med pausebuffet |
11:15-11:45 | Ikkje naudsynt med skytetrening for jegerane? - Vidar Nilsen, NJFF |
11:45-12:15 | Rypetaksering – Knut Broberg, NJFF Sogn og Fjordane |
12:15-12:45 | Resultat dynamiske fareskilt hjort – Magnus Frøyen, Norsk Hjortesenter og Ann Kristin Nes, Statens Vegvesen |
12:45-13:00 | Oppsummering og avslutning – Finn Olav Myhren, Vestskog |
13:00 | «Lunsj» |