KJEKT MØTE: Årsmøte til Omvikdalen Bondelag.

 

Årsmøte og bondepub fann stad i kjellaren på Tveito. Johannes Hjelmeland tok attval som leiar, Kjetil Mehl tok attval i styret, Kjersti Hjelmeland gjekk ut av styret og mannen Oddmund Hjelmeland gjekk inn i styret.
 
Berit Dale og Øyvind Sandvik var ikkje på val. 1. Vara vart Ørjan Hjelmeland Øvstebø og 2.vara vart Tore Nerhus.
 
 

God kake

FLOTT KAKE: Dei frammøtte fekk servert god kake.

 

Tema under møtet var mellom anna Biogass. Trond Lekva Myklebust besøkte møtet,  og fortalte om Hardanger Biogass og framgangen der.