Silje Åsnes Skarstein ny leiar i Olden Bondelag
- Bondelaget er heilt avhengige av at medlemer deler på jobben med å vere tillitsvalde i lokallaga, seier fylkesleiar Anders Felde. Han deltok i årsmøtet til Olden Bondelag og nyttar høvet til å gratulere Silje Åsnes Skarstein med vervet som leiar.
Det er positiv giv i området der ein del yngre bønder har overteke og/eller kjøpt gard og i den samanheng vart det lagt vekt på kor viktig det er å styrke inntekta på bruka gjennom eit økonomisk løft i jordbruksforhandlingane våren 2021. Saman med inntektsløft er det også trong for å styrke invetseringsverkemidlane og velferdsordningane.
Martin Jordalen er døme på ein ung bonde som nyleg er vorten bonde i Oldedalen. Han kjem opprinneleg frå Hemsedal, men har no kjøpt seg gard i Oldedalen.
Fylkesleiar Anders Felde utfordra lokallaget til å følgje opp kommunen og meir aktivt å få i stand fagmøte mellom kommunen og næringa årleg. Han oppmoda dei også til å utfordre kommunen til å bidra med pengar til planlegging av nyinvesteringar hos bønden i Stryn. Det vil vere viktig å kome med innspel til budsjettprosessen i kommunen.
Deltakarane i årsmøtet var også opptekne av avfall og korleis det skal handterast. Både i høve stål/skrot og landbruksplast.
Val i møtet
- Silje Skarstein leiar (ny)
- Jan Høgalmen (ny)
- Sindre Åbrekk, ikkje på val
- Gry Agjeld, ikkje på val
- Ny valkomite: Knut Alsaker og Geir Flåten
Ny leiar i Olden Bondelag: Silje Åsnes Skarstein