Ny leiar i Brekke Bondelag
25. oktober hadde Brekke Bondelag årsmøte på Brekkestranda Fjordhotell.
NY LEIAR: Arve Wergeland.
Årsmeldinga syner eit lag med mykje god aktivitet. Dei deltok på fylkeslaget sine arrangement, utførte arbeidsoppgåver i samband med Tour de Fjords og arrangerte gardsbesøk/temamøte om landbruksmeldinga i samarbeid med KRF. Laget stilte med 4 personar til felles blokadeaksjon i Arna under årets brot i jordbruksforhandlingane. Heilheitsinntrykket var at aksjonen var vellukka, og gav god mediedekning.
I innkallinga til årsmøte var samanslåing av lokallaga i Gulen eiga sak. Etter initativ frå Eidsbotn Bondelag var alle lokallagsstyra i Gulen samla på Dalsøyra for å diskutere eventuell samanslåing av laga. Der var det einigheit om at saka skulle behandlast i dei respektive årsmøta i år.
Brekke Bondelag vedtok einstemmig å jobbe for samanslåing av dei tre lokallaga i Gulen.
Val
Leiar Sjur Haugland, Bjarne Tynning og John Gjersvoll var på val. Sjur Haugland og Bjarne Tynning held fram i styret som styremedlem.
Arve Wergeland er ny leiar, einstemmig valt.