Kvinne tek over leiarvervet i Vik Bondelag
- Dette har eg ikkje prøvd før så kan sikkert gå heilt fint, seier nyvald leiar i Vik Bondelag Turid Haga Vange
På garden til Turid og hennar familie i Vik er det kring 40 mjølkekyr. Ho har utdanning frå Ås og har vore rettleiar i Tine nokon år. Vi ynskjer Turid lukke til som leiar i Vik Bondelag. - Det er flott å sjå at yngre bønder tek på seg leiarverv i lokallaga våre helsar fylkesleiar Anders Felde.
Den nye leiaren i Vik Bondelag trivst godt saman med kyr.
Med seg i styret i Vik Bondelag har Vange: Frode Voll, Jo Risløw, Per Olav Langeland Tistel, Endre Nese og Eivind Lidal. Marianne Bøthun er 1. vara til styret.