Kurs for gnagarbekjemping
Bondelaget har jobba for at bønder skal kunne bruke gnagarmiddel på eigen gard. No er det lov dersom du har gyldig plantevernmiddelautorisasjon og har gått på kurs for gnagarbekjemping. Begge kursa kan du ta hos NLR.
Frå 15. oktober 2018 vart det opna for at personar som eig og/eller leiger landbrukseigedom kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagarmiddel. Vilkåra for å få ein slik autorisasjon er at ein:
- Har gått på tilleggskurs for gnagarbekjemping og har bestått eksamen
- Eig eller leiger ein landbrukseigedom
- Har gyldig plantevernmiddelautorisasjon
Autorisasjonen skal nyttast til å bekjempe mus/rotter på eigen eller leigd landbrukseigedom, veksthus inngår i dette. Gnagarmiddel kan berre brukast i og rundt bygningar, ikkje for å beskytte plantar/avlingar i f.eks. åker. Kva preparat som vil vere omfatta av ordninga vil framgå på gnagarmidla sine etikettar.
NLR Vest har kurs både i Hordaland og i Sogn og Fjordane.
Kurskalender Norsk Landbruksrådgiving Vest.
Plantevernmiddel
NLR Vest arrangerer også kurs i plantevernmiddel for dei som ikkje tatt det før og for dei som treng å fornye autorisasjonsbeviset. Mattilsynet har har også eit nettbasert kurs for fornying av plantevernmiddelautorisasjon.
Fornyying av plantevernmiddelautorisasjon hos Mattilsynet