Kristen Grov held fram som leiar for Gloppen Bondelag
Årsmøtet til Gloppen bondelag var på Gloppebua midt i Sandane sentrum. Laget har 223 medlemmar og er veldig aktive på verving.
AKTIVT LAG: Gloppen Bondelag.
Styret har hatt 6 styremøter. Leiaren deltok på leiarmøte, leiar, nestleiar og styremedlem deltok på Fylkesårsmøtet. Leiar deltok på møte kvelden før med tema handtering av media og medlemsverving.
Laget har arrangert to innsamlingar av stålavfall. Det har vore eit godt samarbeid med Retura som har sett ut og henta inn containere. Det vil bli meir av dette komande år. Har vore containere i Fjellbygda, Vereide, Breim, Rygg og Kandalskrysset. Det vart sendt inn innstilling framfor jordbruksforhandlingane. Medlemsmøte i mars med tema avfalshandtering og utfordringar kring beitedyr og hund og hundeeigarar. Gloppen Bondelag deltok på Matamål med store styrker og mange aktivitetar.
Medlemmane har spelt inn ein del saker det er ynskje om at styret skal arbeide vidare med
- Sette trykk på fylket og kommunen for betra vedlikehald på vegane.
- Korleis få unge bønder inn i næringa.
- Kortare ventetid for oppkøyring for traktorsertifikat ta kontakt med køyreskulane?
- Styrke Gloppen som landbrukskommune i nye Vestland fylke. Synleggjere verdiskapinga frå Gloppen.
- Gjer Norges Bondelag nok for sauenæringa? Større einingar trass overproduksjon, auka tilskot til til sau.
- Meir kontakt mellom skule og landbruket. Spesielt mjølk og kjøt.
Gry Ingvild Agjeld orienterte frå arbeidet til fylkesstyret i Sogn og fjordane bondelag, med tema kva gjer bondelaget for dei ulike landbruksnæringa.
Styret i Gloppen Bondelag:
Kristen Grov - Leiar
Øystein Fjellestad
Hans Arne Lundestad
Ole Jens Grov
Erlend Hamre
Nina Engelbrektson
Jan Atle Rauset - Vara
Åge Faleide - Vara
Marit Elisabet Larsen - Vara