Jordbruket går til forhandlingar
I dag varsla jordbruket sitt forhandlingsutval at dei vil starte forenkla jordbruksforhandlingar med staten.
LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.
- Grunna koronasituasjonen blir det forenkla jordbruksforhandlingar i år, fortel Anders Felde.
Sidan det ikkje ligg eit ordinært grunnlagsmateriale med kostnads- og inntektsutvikling, vil forhandlingane bli forenkla.
- Gjeldande jordbruksavtale gjeld fram til 1.juli 2020, og det må difor fastsettast nye målprisar. Det er viktig for å kunne gje bonden tryggleik for framtidig produksjon.
Raskare tidsløype
- Tidsløypa vil vera annleis i år, seier Felde. Grunna den uoversiktlege situasjonen og behovet for avklaringar fylgjer me ikkje den normale tidsløypa avsluttar han.
Les meir om jordbruksoppgjeret 2020 her.