Imponerande oppmøte på årsmøtet i Veitastrond Bondelag
- Eg er godt nøgd med at 23 av medlemene i Veitastrond Bondelag deltok på årsmøtet. Det vitnar om engasjement, seier leiar Jimmy Hilleren som held fram i leiarstolen etter årsmøtet.
- Når det gjeld prosentvis på frammøte ligg vi sikkert på topp 3 i heile fylket. Kvardagsbondelaget har ei rolle å fylle i bygdene, og då er det ikkje nødvendigvis dei største laga som har den viktigaste rolla og den største aktiviteten held Hilleren fram. Lokalt særpreg, nærleik og det å ha ein triveleg ramme kring møta er viktig. Difor trådde vi til med både julemiddag og riskrem på Cafe Veitastrond, smiler ein nøgd attvald leiar :)
Ny første vara vart Vidar Nes. Elles så er det stabilitet i styret i lokallaget der medlemene forvaltar areal og andre ressursar med Jostedalsbreen som næraste nabo.