Har du hugsa å melde deg på arbeidsgjevarkurs?
- Eg vil oppmode alle som nyttar innleigd arbeidskraft til å setje av tid til å delta på eitt, eller aller helst delta på alle arbeidsgjevarkursa som vert tilbydd som webinar i januar/februar 2022, seier leiar i Grøntutvalet i Vestland Kari Sigrun Lysne.
Kursa er gratis. Det generelle kurset varer i 4 t medan kvar av fordjupingskursa har ei varigheit på 2 t. Sjølv har Lysne meldt seg på alle kursa for å bygge kunnskap og lytte til innspel i webinara. Kursa vert gjennomført på desse dagane med start klokka 10:00 kvar dag.
11.1 Arbeidsgiverkurs – generelt
18.1 Fordypningskurs: Arbeidsavtalen
20.1 Fordypningskurs: Arbeidstid og normer i arbeidslivet
25.1 Fordypningskurs: Administrative forhold (lønn, skatt, OTP m.m.)
27.1 Fordypningskurs: Arbeidsavtalen
08.2 Fordypningskurs: Arbeidstid og normer i arbeidslivet
10.2 Fordypningskurs: Administrative forhold (lønn, skatt, OTP m.m.)
Her kan du lese noko meir om kursa og kunnskapsløftet
På tide å ikkje nøle meir - meld deg rett og slett på :) Du vil ikkje angre ! Dyktige innleiarar, målretta, matnyttig kunnskap som er god å ha som ballast og effektiv tidsbruk. Midt i blinken for travle arbeidsgjevarar :)