Etterlyser meir pengar til distrikt og investering
- Etter å ha studert Staten sitt tilbod må eg seie meg skuffa over Staten sitt fokus på distrikt, investering og rekruttering i årets tilbod, seier Per Hilleren. Her må det kome betringar.
Staten la tidlegare i dag fram tilbodet sitt til bøndene i årets jordbruksforhandlingar. Fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Bondelag har studert tilbodet i ettermiddag, og er ikkje nøgd med budsjettverkemidlane som er lagt inn i tilbodet. Dei er eit godt stykke i frå det som krevst for å kunne sikre ei naudsynt fornying av næringa, som kan gjere landbruket i stand til å auke produksjonen i takt med folkeauken, seier Hilleren. - Eg saknar eit sterkare fokus på distrikt, beite og investeringar i tilbodet, og forventar at det vert betra gjennom eventuelle forhandlingar seier Hilleren.
Forhandlingsutvalet vil setje seg saman å studere tilbodet før dei melder attende til Staten om dei vil starte forhandlingar.
Norges Bondelag sentralt sine første kommentarar