Er råvareprisen nøkkelen til betre inntekt?
Mot slutten av leiarmøtet vart det invitert til innleiingar og debatt kring mellom anna prisdanninga i norsk landbruksproduksjon.
Styremedlem i Tine SA og styrerepresentant i styret i Norges Bondelag, Solveig Bratteng Rønning innleia på marknad og pris sett frå Tine si side. Tema ho tok opp i si innleiing var:
- Best mogleg pris for bonden frå no og inn i framtida
- Kva med marknaden då? Vil dei betale for den?
- Pris x volum + etterbetaling = best mogleg økonomi for bonden
- Stort volum gjev anlegg på høggir - redusert volum gjev auka kostnader pr. eining
- Heilt avhengig av at Tine har konkurransekraft ut i marknaden
- 1 kr på målpris på mjølka er lik 10 kr opp på kiloprisen på Norvegiaen
- Jobbar målretta for å auke prispunktet på Norvegia, men importen aukar - det må vi som eigarar av Tine møte med klokskap i marknaden
- Alle store produktgrupper må dekke råvarepris
- Vi må vere i stand til å halde på dei 1500 millionar liter
- Er vi viljuge til å ta konsekvensen av bortfall i volum som ein sterk vekst i råvareprisen vil skape?
Store smil før debatten tok til f.v. Jan Erik Fløtre og Solveig Bratteng Rønning
Styremedlem i konsernstyret i Nortura SA Jan Erik Fløtre kom inn på følgjande tema og moment i si innleiing.
- Førande for selskapet: Best mogleg økonomisk resultat på kort og lang sikt
- Må drive selskapet Nortura godt, saman med marknadsmoglegheiter og politiske rammevilkår gjev det moglegheitene
- Produsert egg og kjøt i Norge må etaste i Norge
- Vore gjennom eit år med stort sug i marknaden. Med opne grenser snakkar vi om ein reduksjon på 9-10 % i marknaden. Så mykje utgjer grensehandelen.
- Styret i Nortura set prisen på kjøt og egg to gonger i året. Den siste tida har vi hatt ei positiv utvikling på pris for alle kjøtslag og egg. Når det gjeld storfe er prisen så høg at ein nærmar seg grensa i høve til å kunne ha eit reelt importvern
- Kva er forbrukaren viljug til å betale før dei vel andre produkt?
- Må kunne ha styringsverkty som gjer at du kan styre produksjon usamstundes som prisen kan aukast.
- Vi må jobbe for å sikre at Hurdalsplattformen vert oppfylt på punkta som vekjem utviklingsmoglegheitene for norsk landbruk
- Nortura skal gjere sitt, men klarar det ikkje åleine
I etterkant av innleiingane var det tid for fredagspanelet der Anders Felde og Bjørn Gimming deltok i tillegg til Solveig Bretteng Rønning og Jan Erik Fløtre.
Frå venstre Jan Erik Fløtre, Solveig Bratteng Rønning, Bjørn Gimming og Anders Felde
Tema i fredagsdebatten:
- Henteplikt/mottaksplikt
- Importvern
- Er det hjelp i å ta alle omkampane?
- Må fokusere på meirverdi når vi skal betre prisane. Skal vi forsvare importvern må vi ha breidde i sortimentet. Vi må også få fram kva som er skilnad på ekte ost og reven
- Glad i medlemsbutikken - korleis ligg det i løypa med samarbeid med Felleskjøpet?
- Dyrevelferdsordninga for storfe - veterinær si rolle i møte med bonden
- Skal vi kjempe for dei etablerte strukturar på mjølk/kjøt eller sjå moglegheitene som ligg i den plantebaserte produksjonen? Det er kunden som bestemmer til sist
- Likviditet og jamnleg utbetaling etterkvart sett i høve til etterbetaling
- Kombinasjonsbruket
- Investeringsverkemiddle ved generasjonsskifte
- Den laupande produksjonen gjev den gode beredskapen for eit land
- Dei grovforkrevande produksjonane og bær sin tur i jordbruksoppgjeret 2022
- Pris på geitekjøt og bruk av kjøtet
- Sortiment i butikk - ein dagleg kamp om hyllemeter
- Sauehaldet treng også investeringsverkemiddel
- Avløysarordninga under press med svekka økonomi for bonden
- Merking av mat - må følgjast opp
- Kvoteordning - endringar må skje for at dei minste bruka skal kunne vekse litt