Styremedlem i Tine SA og styrerepresentant i styret i Norges Bondelag, Solveig Bratteng Rønning innleia på marknad og pris sett frå Tine si side.  Tema ho tok opp i si innleiing var:

  • Best mogleg pris for bonden frå no og inn i framtida
  • Kva med marknaden då?   Vil dei betale for den?
  • Pris x volum + etterbetaling = best mogleg økonomi for bonden
  • Stort volum gjev anlegg på høggir - redusert volum gjev auka kostnader pr. eining
  • Heilt avhengig av at Tine har konkurransekraft ut i marknaden
  • 1 kr på målpris på mjølka er lik 10 kr opp på kiloprisen på Norvegiaen
  • Jobbar målretta for å auke prispunktet på Norvegia, men importen aukar - det må vi som eigarar av Tine møte med klokskap i marknaden
  • Alle store produktgrupper må dekke råvarepris
  • Vi må vere i stand til å halde på dei 1500 millionar liter
  • Er vi viljuge til å ta konsekvensen av bortfall i volum som ein sterk vekst i råvareprisen vil skape?

Store smil før debatten tok til f.v. Jan Erik Fløtre og Solveig Bratteng Rønning

Styremedlem i konsernstyret i Nortura SA Jan Erik Fløtre kom inn på følgjande tema og moment i si innleiing.

  • Førande for selskapet: Best mogleg økonomisk resultat på kort og lang sikt
  • Må drive selskapet Nortura godt, saman med marknadsmoglegheiter og politiske rammevilkår gjev det moglegheitene
  • Produsert egg og kjøt i Norge må etaste i Norge
  • Vore gjennom eit år med stort sug i marknaden.  Med opne grenser snakkar vi om ein reduksjon på 9-10 % i marknaden.  Så mykje utgjer grensehandelen.  
  • Styret i Nortura set prisen på kjøt og egg to gonger i året.  Den siste tida har vi hatt ei positiv utvikling på pris for alle kjøtslag og egg.   Når det gjeld storfe er prisen så høg at ein nærmar seg grensa i høve til å kunne ha eit reelt importvern
  • Kva er forbrukaren viljug til å betale før dei vel andre produkt?
  • Må kunne ha styringsverkty som gjer at du kan styre produksjon usamstundes som prisen kan aukast. 
  • Vi må jobbe for å sikre at Hurdalsplattformen vert oppfylt  på punkta som vekjem utviklingsmoglegheitene for norsk landbruk
  • Nortura skal gjere sitt, men klarar det ikkje åleine

I etterkant av innleiingane var det tid for fredagspanelet der Anders Felde og Bjørn Gimming deltok i tillegg til Solveig Bretteng Rønning og Jan Erik Fløtre.

Frå venstre Jan Erik Fløtre, Solveig Bratteng Rønning, Bjørn Gimming og Anders Felde

Tema i fredagsdebatten:

  • Henteplikt/mottaksplikt
  • Importvern
  • Er det hjelp i å ta alle omkampane?
  • Må fokusere på meirverdi når vi skal betre prisane.  Skal vi forsvare importvern må vi ha breidde i sortimentet.  Vi må også få fram kva som er skilnad på ekte ost og reven
  • Glad i medlemsbutikken - korleis ligg det i løypa med samarbeid med Felleskjøpet?
  • Dyrevelferdsordninga for storfe - veterinær si rolle i møte med bonden
  • Skal vi kjempe for dei etablerte strukturar på mjølk/kjøt eller sjå moglegheitene som ligg i den plantebaserte produksjonen?   Det er kunden som bestemmer til sist
  • Likviditet  og jamnleg utbetaling etterkvart sett i høve til etterbetaling
  • Kombinasjonsbruket
  • Investeringsverkemiddle ved generasjonsskifte
  • Den laupande produksjonen gjev den gode beredskapen for eit land
  • Dei grovforkrevande produksjonane og bær sin tur i jordbruksoppgjeret 2022 
  • Pris på geitekjøt og bruk av kjøtet
  • Sortiment i butikk - ein dagleg kamp om hyllemeter
  • Sauehaldet treng også investeringsverkemiddel
  • Avløysarordninga under press med svekka økonomi for bonden
  • Merking av mat - må følgjast opp
  • Kvoteordning - endringar må skje for at dei minste bruka skal kunne vekse litt