Eit lag i vekst
21.oktober 2015 hadde Hyen Bondelag årsmøtet sitt.
Hyen Bondelag er i vekst og har no 91 medlemmer.
Næringssjef i Gloppen kommune, Knut Roger Hesdal, hadde orientering om framtidsvyene til kommunen.
Ei viktig sak for laget er kravet om lausdrift. I Hyen er kvoten i gjennomsnitt 97 000 L. Gardbrukarar i Hyen har ikkje anledning til å byggje store fjøs, då det er lange avstandar og utfordrande areal.
Hyen Bondelag ynskjer å få med flest mogeleg vidare, også buskapa med storleiken 15 kyr. Dersom drifta forsvinn, er ein redd avskalinga vil spreie seg i bygda.
Styret tok attval.