Bonde for ein dag
6. juni arrangerte Sogn og Fjordane Bondelag landbruksspelet på Vassenden skule. Over 30 elevar i 10.klasse deltok.
- Eg har hatt ein veldig flott dag, det håpar eg elevane har hatt også.
Sæther fortel at landbruksspelet er eit gruppearbeid tilpassa avgangsklassen i grunnskulen. Elevane skal vera bønder i ein dag, der dei skal løyse mange ulike oppgåver knytta til økonomi. På den måten får dei eit innblikk i bøndene sine inntekter og kostnadar.
- Mange elevar kjem ikkje frå gard, så no kan dei lære litt om gardsdrift. Ofte er det slik at dei frå gard er mest interessert i spelet, men i denne klassen engasjerte mange utan gard seg også.
Kva tenkjer du om det?
- Det er kjekt å sjå.
Overraska
- Eg vart veldig overraska over alle kostnadane bøndene har. Det er store tal.
Hannah seier ho lærte mykje om økonomi.
- I spelet var det viktig å ha god oversikt over kva ein skulle låne, samtidig som me måtte setje grenser på kva me skulle bruke. Eg syns det var kjekt å få eit lite innblikk i økonomien til norsk landbruk.
Korleis var dagen?
- Eg hadde ein kjekk dag. Moro å få samarbeide med dei andre i klassen.
Utfordrande
- Eg er overraska over at ting kostar så mykje som dei gjere.
Marianne fortel at ho hadde ein interessant dag, sjølv om landbruksspelet var litt vanskeleg.
- Det var mange tal å halde styr på. Likevel syns eg det var moro, for eg lærte mykje nytt.
Nøgd med responsen
- Mange av elevane var ivrige, det gleda meg.
Ifylgje Sæter er det kjekt å få reise ut til skulane å spele landbruksspelet. Det er ein aktivitet Sogn og Fjordane Bondelag har satsa på.
- Det er hektisk å gjennomføre og mange oppgåver, men ein lærer mykje av det.
Fleire bilete frå dagen, kan ein sjå her.