Malawi er eitt av verda sine minst utvikla land.  Over halvparten av innbyggjarane lever i fattigdom.  Flesteparten av landet sine fattige er småskalabønder som er heilt avhengige av det dei klarar å dyrke på den vesle jordlappen sin for å overleve. 

Patricia Mkandawire er peika ut av lokalsamfunnet sitt til å vere modellbonde i eit utviklingsprosjekt som Norges Bondelag støttar årleg.  Prosjektet vert administrert av Utviklingsfondet.  Her kan du lese meir om prosjektet på Norges Bondelag sine sider og her finn du kunnskap på om Malawi på Utviklingsfondet sine sider.  Sogn og Fjordane Bondelag,  Hordaland Bondelag og no seinast Vestland Bondelag har støtta prosjektet med gåver kvart år sidan det tok til.

Kombinasjon av ulike produksjonar er nøkkelen

Patricia Elina Mkandawire dyrkar soyabønner, kål, nøtter og mais.  Dei har også invetsert i høner, geiter og griser.  Det er viktig for dei med stor variasjon i produksjonen, spesielt med omsyn til klimaendringar.  Då er det håp om at dersom ei eller fleire av avlingane går feil, kan ein av dei andre klare seg.   Produksjonen på jorda er av ein storleik som er slik slik at dei har overskot til å ha råd til å sende barna på skulen, og investere i livdyr.

HER finn du ein tekst på engelsk som fortel meir om Particia sin kvardag i Malawi 

Mange inntrykk frå eit Vestland med vatn i overflod

Patricia sitt besøk i Vestland starta med eit par dagar i Bergen hos 2. nestleiar i Norges Bondelag Bodhild Fjelltveit.  Der drøfta dei ulikskapar og likskapar i det å dyrke jorda.  Bodhild var tydeleg imponert over det Patricia får til med små midlar. Ho produserer sine eigne såfrø frå år til år og nyttar ressursane med planteproduksjon i kombinasjon med husdyr. Medan vi i Vestland oftast har meier enn nok vatn er det motsett situasjon i Malawi.  Der må kvar vassdrope verte teken vare på og nyttast i eit finmaska vatningssystem for at noko i det heile skal kunne vekse.  Tida på garden til Bodhild vart også nytta til filmopptak.

Bodhild Fjelltveit og Patricia Mkandawire er klar for fjøsrunde på garden i Bodhild i Bergen. Foto: Utviklingsfondet

Regnet slo følge med besøket frå Malawi ut på beite for å sjå til sauene.  Foto: Utviklingsfondet

Frå Bergen gjekk turen vidare til Aurland med besøk på Sogn Jord- og Hagebruksskule.   Jordbruksskulen vert driven økologisk, så der var det naturleg nok sterkt fokus på ulike dyrkingsmåtar.  Elevane var aktive både med spørsmål og innspel til drøftingane noko som var inspirerande for alle. 

I Lærdal var det lunsj hos Sogn Frukt og Grønt SA med dialog kring samvirke som organisasjonsform.   Vi ser ikkje vekk frå at vatn var tema der også.  I Lærdal er dei opptekne av å vatne til rett tid, då dei ligg slik til at årsnedbøren er svært låg samanlikna med t.d. Bergen.  Vidare gjekk ferda til gardsbesøk hos Per Øvrevoll. Per er også ein allsidig bonde med mange ulike produksjonar og han er ikkje redd for å prøve ut nye sortar. 

Tolken Sain Moskambo hjelp til med å skape god dialog mellom Patricia og styremedlem i Vestland Bondelag; Kari Sigrun Lysne (med ryggen til). T.h Cecilie Rikter-Ydse frå Utviklingsfondet.  Kari Sigrun hadde ansvar for omvisinga på pakkeriet til Sogn Frukt og Grønt.

Kari Sigrun Lysne og Patricia Mkandawire med kvart sitt store graskar på garden til Per Øvrevoll i Lærdal.

Omvising i lokala til Sogn Frukt og Grønt

Lunsj på Sogn Frukt og Grønt

På besøk hos bonden Per Øvrevoll.   Han brukar jorda til å dyrke mange ulike sortar.

Til og medein liten kornåker fann ein i Lærdal

 

På kvelden gjekk turen til Sogndalsdalen, der tidlegare fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren og hans familie var vertsskap for middagen. 

Nydeleg langtidssteikt kje stod på menyen til middag heime hos Per Hilleren i Sogndalsdalen.  Praten gjekk godt kring mattradisjonar, matproduksjon og klimautfordringar.  Ulikskapane er store, men tema for utfordingane kan ein kjenne seg att i. 

Kvelden vart avslutta med dessert og kaffi i loftsstova.  F.v. Per Hilleren, Patricia Mkandawire, Sain Moskambo, Birgitte Bjaanes (tilsett Vestland Bondelag), Cecilie Rikter-Ydse (tilsett Utviklingsfondet) og 2. vara til styret i Vestland Bondelag Nils Magne Gjengedal.  Begge foto lånt av Per Hilleren

Slitne, men svært nøgde etter mange inntrykk og ein lang dag i Sogn

Takk for tankevekkande samtalar, kunnskapsdeling og dei inntrykka du gav oss frå kvardagen som bonde i Malawi.   God tur vidare til Norges Bondelag sin leiarkonferanse på Kløfta.