Årsmøte i Norges vestlegaste Lokallag
- Om ikkje vi er Norges største lokallag med våre ti medlemer, så er vi i alle høve Norges vestlegaste og kanskje også Norges minste lokallag i tal medlemer, seier Anne Marie Gåsvær Færøy som er leiar i Solund Bondelag
Nestleiar i fylkesstyret, Ole-Ivar Aam Sognnes deltok på årsmøtet i Solund Bondelag den 8. november. Laget har 10 medlemer, og årsmøtet vart gjennomført i stova hjå nestleiar Hans I Steinsund. Det var pizza på menyen ogei triveleg ramme rundt årsmøtet. Ekstra kjekt at eit av styremedlemmane hadde med seg ein ung rekrutt, seier Aam Sognnes
Triveleg kring bordet på årsmøte i Solund Bondelag
Laget har vore delarrangør for "Praktisk HMS kurs" og "Svikurs - kystlynghei". Det har vore også vore gitt høyringsinnspel i kommunale saker, blant anna rullering av Tiltaksstrategi SMIL - middlar 2017-2021. Det vart mellom anna drøfta kva nytte høyringsinnspel frå Bondelaget har for næringa i kommunen på grunn av få medlemer, men ein var samde om at einskildmedlemer kan høyringssvar vere ei god og kjærkomen støtte.
Styret er sett saman slik etter årsmøtet:
- Leiar Anne Marie Gåsvær Færøy
- Nestleiar Hans I Steinsund
- Kasserar Jan Kåre Nessen
- 1. vara Ingemund Steinsund