Budsjettnemnda fekk oppdraget om å endre totalkalkylen allereie i desember. Med ei modifisert totalkalkyle kan inntekta til bonden målast på nivå, vi forventar at regjeringa no kan legge fram ein plan for inntektsopptrapping og  sjølvforsyning i løpet av våren. No MÅ dette på bordet slik  at vi skjøner at Regjeringa meiner alvor med den offensive landbrukspolitikken. No er det grunn til å tru at det blir levert på dette oppdraget snarleg.  

Regjeringa kallar inn til pressekonferanse 

- Eg er utruleg spent på kva som vert presentert for oss klokka 12:30 fredag 8. mars når dei to Statsrådane Pollestad og Vestre skal presentere Regjeringa sin strategi for auka sjølvforsyning og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i landbruket, held fylkesleiar Agjeld fram.

HER kan du følgje pressekonferansen

 - La det ikkje vere tvil.  Ein lønsam matproduksjon i heile landet er den beste beredskapen og det beste grunnlaget for eit mål om auka sjølvforsyning seier Agjeld.

 

I Bondelaget så hegner vi om forhandlingsinstituttet.

- Vi har sterk tru på at eit samarbeid mellom næringa og staten gir oss best moglege vilkår for matproduksjon i Noreg, sa fylkesleiar Agjeld mellom anna i tala si til fylkesårsmøtet.   At vi saman kan sikre eit rammeverk som gir norsk matproduksjonen gode nok konkurransevilkår. Vi arbeidar for å få til ei god jordbruksavtale som sikrer norsk matproduksjon, verdiskaping, beredskap og busetting i ei tid der inntektsmoglegheita for bonden er usikker. Vi har lagt bak oss eit organisasjonsår som starta med talgrunnlaget og sluttar med talgrunnlaget. Som organisasjon har vi brukt mykje energi og ressursar på dette. Vi står nok no heilt på terskelen av å få uttelling for det vi har arbeidd for så lenge. Og så må vi hugse på at jobben stopper ikkje her. Bondelaget arbeidar breitt med mange viktige saker for bonden. Det er mykje vi skal ha på plass, og mykje vi skal arbeide med vidare. Nytt talgrunnlag er berre ein del av dette, ein del av rammene våra, vi skal framleis koma med innspel og forhandle. Eg er heilt sikker på at det som Anders Felde song frå talarstolen i fjor framleis gjelder: Det er ittjnå som kjem tå se sjøl!

Nytt talgrunnlaget vil aldri vera nok i seg sjølv. Vi er ei politisk næring som treng at det er politisk vilje til å satse på landbruket dersom vi skal klare å auke matproduksjonen og sjølvforsyninga i landet vårt. Dei to siste jordbruksoppgjera har vore ekstremt viktige, ikkje minst for Vestlandsbonden som dessverre tener minst av bøndene i Noreg. Ei auke på 54 prosent i jordbruksoppgjeret i løpet av to år er ganske fantastisk, og det vitnar om politisk vilje. No er situasjonen dessverre slik at vi ikkje klarer å hente nok pris på produkta våre i marknaden. Dette gjer at bonden blør, kostnadane har auka mykje, rentenivået er heilt på smertegrensa av kva som er mogleg å handtere med eit nybygg til mjølkekyr.

Fylkesleiaren held vidare fram i tala si:

Totalberedskapskommisjonen slo fast at vi må snarast sette i gong arbeid med å auke norsk sjølvforsyning. Beredskapstanken har vore for svak i utviklinga av eit moderne og effektivt samfunn. Sjølvforsyning er på nytt tema, men vi har i liten grad fått politikarane med på å prioritere dette høgt nok. Årets jordbruksoppgjer og framlegging av regjeringa sin plan for auka sjølvforsyning må vere startskotet for auka norsk sjølvforsyning; auka matproduksjon basert på norske ressursar. Norsk planteproduksjon er nøkkelen. Meir og betre korn både til mat og fôr, meir proteinsvekstar til mat og fôr, meir norske grønsaker, meir frukt og bær, meir og betre gras til norsk husdyr og ikkje minst auka bruk av utmarka som beiteressurs.

Kanaliseringspolitikken eller arbeidsdelinga i norsk landbruk er avgjerande i auka norsk sjølvforsyning. Produserer vi ikkje mjølk og kjøt, potet, eple og bær i Vestland, må andre gjere det og vi pressar denne produksjonen inn i kornområda. Skal vi lukkast med auka sjølvforsyning må det vere lønsamt å produsere korn der dette er mogeleg, og det må vere lønsamt å nytte Vestlandsjorda til andre produksjonar.

FN gir klare meldingar om at vi må ruste oss med ein meir robust matproduksjon som er berekraftig også på lang sikt. Vi skal produsere meir mat til ei veksande befolkning i eit meir skiftande klima på ein klimavenleg måte. Noreg har eit godt utgangspunkt for framtidig robust matproduksjon. Våre største fortrinn er ein matproduksjon i heile landet med familiejordbruket som kjerne, der vi utnytter alt jordbruksarealet og utmarksressursane.

Spreidt landbruksproduksjon i små einingar gjer oss mindre sårbare både med tanke på klimavariasjonar og beredskap. For å oppretthalde og styrke denne strukturen må vi få rammevilkår som gjer at fleire bønder ser sin gard som ein del av framtidig matproduksjon.

Vi har eit samfunnsoppdrag som vi tar på høgste alvor. Vi vil produsere norsk rein mat av høg kvalitet til norske forbrukerer. Vi er stolte av det vi får til med klimaavtale med staten som vi arbeidar med kvar dag for å kutte klimautslepp frå landbruket. Her er det viktig at kvar og ein av oss bruker klimakalkulatoren. Vi er stolte av ein ekstremt god dyrevelferd som gjer at vi bruker lite antibiotika og har friske dyr. Ta del i dyrvelferdprogamma. Vi er ei næring med profesjonelle næringsdrivande som er svært dyktige og høgt spesialiserte.

Vi har den norske modellen som fungerer. Som gir oss eit landbruk i heile landet. Som sørger for norsk sunn mat til ein grei pris. Men vi ta grep for å auke inntekta. Eg vågar påstanden om at det vi gamblar med no er eit klimatilpassa landbruk med ein struktur som beredskapsmessig er peika på som svært gunstig.

Saman må vi sørge for at vi er synlege produsentar av livsviktige varer til det norske folket. Vi må rette ryggen og vera stolte av at vi produserer verdens finaste mat, i verdas finaste kulturlandskap, at vi gjer det i heile landet, og at vi legg grunnlaget for den største fastlandsindustrien i Noreg. Vi er knallgode! Når ein legg til at det skjer på ein klimatilpassa og berekraftig måte, med vekster og husdyr tilpassa norske forhold. Då er det rett og slett imponerande.

Dersom ikkje vi har tru på oss sjølve og eiga næring, kven skal ha tru på oss då? Ver stolt av det du får til, og kry av den norske bondestanden.

Årets nest vakraste eventyr er alltid viktig. I år seier vi at det er det viktigaste nokon gong. Og eg minnast jo at det har vore sagt før. Og det kjem heilt sikkert til å bli sagt igjen. Men det er noko i det, det er mange viktige saker vi skal beslutte no i vår. Viktige saker som har betydning for den økonomiske bærekrafta på kvar enkelt gard. Beslutningar vi skal ta som avgjer kvar og korleis vi skal produsere mat i landet vårt. Klarer vi å auke norsk sjølvforsyning? Klarer vi å styrke totalberedskapen? Får vi på plass den styrkinga av velferdsordningane til bonden som vi veit må til? Klarer vi å ta nødvendige grep med marknadsordningane slik at vi kan produsere nok norsk mat samtidig som bonden får meir betalt?