Påmelding til leiarmøte i Vestland Bondelag 2024
Lokallagsleiarane er kalla inn på leiarmøte i Vestland Bondelag torsdag den 7. og fredag den 8. november på Voss. Vi gler oss til å samle organisasjonen til fagleg påfyll og sosialt samvær.
Det er avgjerande å sjå på løysingar som kan få ned beitepresset frå hjort på innmark. Det å finne enkle løysingar som kan hjelpe grunneigarar i å dokumentere tapa er viktig.
Det trengst ein utvida verktøykasse for å dempe konflikt mellom landbruksnæringa og hjorten. Det beste verkemiddelet er å redusere bestanden. Fellingstala i Hjorteviltregisteret syner ny fellingsrekord for Vestland i 2023. I overkant av 25.000 hjort er felt i Vestland og totalt i landet er fellingstalet godt over 50.000 individ.
Tidlegare undersøkingar har demonstrert at beitebur plassert i eng, eller taksering med enkel metodikk gjev god informasjon om avlingstap forårsaka av hjort (Thorvaldsen og Rivedal, 2014). Til no har derimot ikkje desse verktøya blitt innarbeidd i hjorteforvaltninga. Norsk Hjortesenter ynskjer i samarbeid med store hjortekommunar i Vestland å kome eit steg vidare for å implementere denne metodikken i forvaltninga av hjorten. Dette vil krevje godt samarbeid mellom grunneigarar og andre ressurspersonar i den lokale hjorteforvaltninga.
Gjennom dette prosjektet ønskjer vi å etablere enkel metodikk for bruk av beitebur til å kartlegge omfang og fordeling av beiteskadar i kommunane. Dersom ein får oversikt over kor dei største beiteskadane skjer, kan denne kunnskapen nyttast av forvaltninga til å prioritere auka uttak her, og/eller prioritere førebyggande tiltak som gjerding i områda med størst problem med beiteskade. Dette vil såleis kunne trygge grovfôrproduksjonen i utsette områder og samstundes redusere kostnadane for aktive bønder der beiteskadane er størst. Slik kunnskap kan difor også bidra til å redusere konfliktnivået i forvaltninga av hjorten.
I desse dagar går det ut innbyding til grunneigarar i dei utvalde kommunane om å delta i prosjektet samt delta på informasjonsmøte. Møta vert gjennomført på desse stadane:
Møta er i regi av kommunane. Dei er opne så det er ikkje trong for påmelding. Vi vil oppmode bondelaga lokalt om å delta i møta.
Prosjektet vil vere leia av Stiftinga Norsk Hjortesenter (SNH) og vere eit samarbeid mellom følgande kommunar: Bremanger, Gloppen, Stad, Sunnfjord, Askvoll, Fjaler og Hyllestad. NIBIO Fureneste kjem med faglege råd og vi i Vestland Bondelag er med på dialogen i prosjektet.