Årets lokallag i Vestland
Vik Bondelag er kåra til årets lokallag i Vestland.
ÅRETS LOKALLAG I VESTLAND: Det var ein stolt leiar, Kristian Sætre, som mottok den gjeve prisen årets lokallag i Vestland Bondelag for 2023. Gåva var ein sjekk på 10 000 kroner.
Juryen grunngjev tildelinga av årets lokallag i Vestland slik:
Årets lokallag i Vestland Bondelag har hatt god aktivitet gjennom året.
Laget har levert innspel til jordbruksforhandlingane, og er flinke til å delta på møter i regi av fylkeslaget. I tillegg deltok dei på ein av temadagane til fylkesstyret i forkant av valet i 2023.
Dei har verva fleire medlemmer i 2023, og hadde ein medlemsvekst på 1,4%.
Laget held til i ein kommune med mykje hjort, og dei har utfordringar knytta til beiteskadar. I 2023 jobba dei inn mot kommunen for å vidareføre ordninga om fri kalveskyting. Det lukkast dei med.
Dei har også hatt fokus på innsamling av rundballeplast. I tillegg har dei arrangert 2 bondekafear og 2 bondepubar.
Dei synleggjer Bondelaget på ein strålande måte, som det står det stor respekt av!
Prisen som årets lokallag i Vestland Bondelag går til Vik Bondelag.
Gratulerer!