Vestland er eit stort landbruksfylke kjenneteikna av ein variert topografi og bruksstruktur. Grovforbasert husdyrhald med aktivt beitebruk pregar jordbruket. Saman med dei kraftforbaserte husdyrproduksjonane og ein vesentleg produksjon av frukt, bær, potet og grønsaker gjer dette Vestland viktig for Norge sin samla matproduksjon og beredskap. Landbruksnæringa legg grunnlaget for ein variert og viktig næringsmiddelindustri, med stor verdiskaping og mange arbeidsplassar. Landbruket er ein viktig del av Vestland sitt grøne næringsliv, og Vestland Bondelag har ei nøkkelrolle i å ivareta vestlandsbonden sine interesser.

Vestland Bondelag har om lag 7000 medlemmer, 71 lokallag og eit offensivt fylkesstyre. Vi er til samen seks fast tilsette og har kontor i Bergen og Førde.

Nå søker vi etter ein positiv, kreativ og samfunnsengasjert rådgjevar i 100 % fast stilling og kan tilby varierte arbeidsoppgåver innan følgande hovudarbeidsområde:

  • Organisasjonsarbeid og bistand til medlemmer og tillitsvalte
  • Landbrukspolitikk
  • Fagleg arbeid som f.eks. arealforvaltning, jordvern, berekraft, klima og miljø

Vi søker etter ein person med:

  • god kjennskap til landbruket
  • god formidlingsevne, både munnleg og skriftleg
  • erfaring frå organisasjonsarbeid
  • evne til å samarbeide i team, jobbe sjølvstendig og allsidig

Søker bør ha høgare utdanning, helst innan landbruk. Relevant arbeidserfaring og godt nettverk, vert vektlagt. Arbeidsoppgåver kan tilpassast kompetanse og interessefelt.

Vi tilbyr trivelege og engasjerte kollegaer, fleksitid, litt reiseverksemd, gode personal- og forsikringsordningar og konkurransedyktig lønn.

 

Om arbeidsgiveren

Norges Bondelag er ein fagorganisasjon for både bønder og alle andre som meiner at norsk matproduksjon er viktig. Norges Bondelag arbeider for å betre vilkåra for landbruket og synleggjere landbruket si tyding for samfunnet. Vi har om lag 60.000 medlemer fordelt på meir enn 500 lokallag. Det er 110 tilsette i organisasjonen, derav 55 ved hovudkontoret i Oslo og 55 fordelt på organisasjonen sine 17 fylkeskontor.

 

Les gjerne meir om stillinga her. 

 

For meir informasjon om stillinga kontakt organisasjonssjef Lars Peter Taule, mobil: 908 58 555 eller personalsjef Catharina Andersen telefon 90 51 51 52.

Søknad om stillinga med CV sendes innan 4. april 2024 til Norges Bondelag.