VELLYKKA AVLØYSARKURS
Det vart nyleg arrangert avløysarkurs på Landbruksenteret på Helleland. Etter initiativ frå Mjølkeprosjektet i Dalane samarbeidde dei 3 avløysarlaga i Dalane om å arrangere kurset. Eigersund avløysarlag var kursleiar. Kurset gjekk over 3 kveldar. Fagfolk underviste i fôring, mjølking, dyrehelse og HMS. Før deltakarane får kursbevis må dei også dokumentere gjennomført praksis frå fjosstell på gard. Det var 21 deltakarar, og ei god blanding av både erfarne og ferske avløysarar frå alle dei 4 Dalanekommunane. Tilbakemeldingane på kursopplegget var gode.