Møte med tema foran jordbruksforhandlingane 2018.
Det å kunne delta i eit innspelmøte, er forskjellen på å vera medlem og ikkje. Medlemmane har innflytelse medan andre må sitta på sidelina å godta det som blir prioritert.
Dei tema som vart gjett innspel på var; målpris/budsjettmidlar, struktur og distriktsprofil på årets oppgjer, overproduksjon, investeringsmidlar og velferd, kvoteordning på mjølk, dyrevelferd, pelsdyr, ev. aksjonar og mykje meir.
Dei fleste var engasjerte og stemninga var god. Bøndene har mykje å vera stolte av, når det gjeld matproduksjonen i landet. Dette med rein mat og god dyrevelferd er viktig å få fram til forbrukaren.
Litt forsinka pga. vinterveret, vart medlemsmøtet i Helleland og Sokndal Bondelag arr. 20.februar på Eia Grendehus. Det ligg på grensa mellom dei to kommunane og møtet vart kalla « møte på grensen».