Høgre-kandidat til gards
Både importvern, marknadsregulering, kjedemakt og konsesjonslov vart diskutert over ein porsjon råmjølkspudding.
Margret Hagerup, stortingskandidat for Høgre i Rogaland, tok i sist veke turen til Gjesdal gard og leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit.
Dei viktige beita
Rundt kjøkkenbordet gjekk praten lett over ein porsjon råmjølkspudding. Her vart det diskutert både importvern, , marknadsregulering, kjedemakt og konsesjonslov.
Etter ein god prat vart politikarane plasserte i ein tilhengjar, medan bøndene Marit og Tarjei fekk vist fram og forklara kor viktig beite er i driftsgrunnlaget på garden. Fleire kilometer med veg er anlagt for å kunna gjødsla og drifta beita.
I fjoset fekk Margret prøva seg på mjølking og fekk ei innføringa i avslarbeidet og kontrollrutinar for leveranse av kvalitetsmjølk.
Vil ha kontakt med alle parti
Valkampen er i gang for fullt og dei siste vekene har fleire politikarar gjesta bondelagsleiaren. Ho tek i mot alle med opne armar og alle rogalandspolitikarane har ein ståande invitasjon,
Rogaland bondelag er opptekne av å byggja politiske nettverk og Høgre sitt på besøk er eit ledd i denne strategien, og vil gjerne ha kontakt med alle parti som er interessert i landbruk før stortingsvalet 11. september.