–De er framifrå ambassadørar for dei gode råvarene frå norsk landbruk og får fram verdien av å ha eit variert landbruk over heile landet, sa lokallagsleiar Ole Kristian Oldre på ein samankomst på Grønolen Fjellgård.

Arne Hjeltnes kvitterte med å seie at bønder i Valdres er i ein unik situasjon. –De forvaltar eit flott fjellandskap ved porten til Jotunheimen. Mat som blir produsert her får særskilte kvalitetar. Reiseliv og flinke bønder er det de skal leve av framover, og det må de få godt betalt for.

Etter å ha feriert på Beitostølen i 20 år har Arne Hjeltnes blitt svært glad i Valdres. Han kjem frå Voss og har vore læregut i matfaget hjå Arne Brimi. Han har reist rundt i landet og laga matprogram sidan 1994. ”Gutta på tur” har vore blant dei mest populære programma, der han til og med fekk med seg kong Harald på ein episode. I det siste har han vore programleiar for  ”Det norske måltid” der det har vore med mat frå Valdres. Arne Hjeltnes har skrive ei rekkje bøker.

Øyvind Grønolen er ansvarleg for maten på Grønolen Fjellgård. Han serverte spekeskinke han hadde langtidsspeka sjølv, og lokal kurv med flatbrød til. –Vi legg vekt på å servere god, gamaldags heimelaga mat som vi lagar frå grunnen av. Og vi bruker mykje lokale råvarer. Det set gjestene pris på, sa han.

Både Arne Hjeltnes og vertskapet på Grønolen Fjellgård meiner det er ei endring i korleis folk ser på maten. Dei er blitt meir opptekne av den lokale tilknytinga til maten, og set pris på å få høyre historia som er knytt til maten. Når ein får dei flinkaste kokkane til å bruke dei gode råvarene, blir også folk flest interesserte.

−Ei av dei største utfordringane vi står ovanfor er dei enorme ressursane som blir brukt til å marknadsføre den dårlege maten, som ferdigmat med tvilsamt opphav, sa Hjeltnes. –Det er der slaget står framover.

 Øystre Slidre Bondelag utnemnde Arne Hjeltnes og Grønolen Fjellgård til bondevenner. Frå v Arne Hjeltnes, lokal bondelagsleiar Ole Kristian Oldre, Øyvind Grønolen og Tor Erik Grønolen.

Lokallagsleiar Ole Kristian Oldre i Øystre Slidre Bondelag utnemner Arne Hjeltnes til bondevenn.

Tekst og foto: Magnhild Strand, Øystre Slidre Bondelag