Fylkesleiar Ola Andreas Byrkjedal og org. sjef Olav Sande er på representskapsmøte i Norges Bondelag.
I morgon onsdag den 10. og torsdag den 11. juni er det årsmøte i Norges Bondelag. Tema for rep. skapsmøte er evaluering av jordbruksoppgjeret, forhandlingane og resultat.
I Ola Andreas Byrkjedal sitt innlegg på møtet kom han blant anna inn på:
Forhandlingsutvalet gjorde eit godt arbeid. Han var glad vi fekk til ein avtale, men innhaldet kunne vore betre. Han tenkte då spesielt på bortfallet av frakttilskot til pelsdyrnæringa og etterdønningane av omlegginga av kvalitetstilskotet på lam. Det har vore eit voldsomt trykk frå medlemmar som er usamde i omlegginga av tilskot til lam. Dette er ikkje bra for Norges Bondelag. Vi må sjå på kva som gjekk gale for Norges Bondelag i denne saka.