- Vi lyttar til Dale med stor interesse og betydeleg skepsis

Publisert 11.12.2016
  • Tips en venn om denne siden

Leiar i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, meiner regjeringa i den nye jordbruksmeldinga forsøker å fjerne ei rekke enkeltordningar som til saman vil bidra til at distriktslandbruket blir kraftig svekka, og bonden får større risiko.

- Landbruks- og matminister Jon Georg Dale er ein mann vi lyttar til med stor interesse og betydeleg skepsis, sier leiar i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen.Han merkar seg at landbruksministeren snakka pent om landbrukets endringsvilje og bondens framtidsutsikter da han 9. desember presenterte Stortingsmelding om jordbruk «Endring og utvikling». Mikkelsen meiner landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) frå Volda er ein dyktig politikar. Han har ordet i si makt og let vel om landbruket og vår evne til omstilling. Så vel at han nesten får endringane han tek til orde for til å høyrast tilforlatelege og ufarlege ut.

- Men meldinga er ei samling av angrep mot bøndenes forhandlingsposisjon, sikkerheit for inntekt og avsetning av produkta våre, produksjonsfordelinga som bidreg til kulturlandskapet og høgast muleg samla produksjon, rekruttering, målretta velferdsordningar, lokal tilpasning av bruk av investeringsmidlar, dyrehelsa og mot landbrukssamvirka sin posisjon i høve til matvarekjedene, seier Oddvar Mikkelsen.

Møre og Romsdal Bondelag merkar seg at i meldinga er det mykje god omtale om landbruket si evne til omstilling og effektivisering. Det norske landbruket blir framstilt som ein samanhengande suksess gjennom fleire tiår. Den gode dyrehelsa, den låge medisinbruken, eksporten av eineståande avlsmateriale og gode nisjeprodukt er noko vi kan satse vidare på. Endringsforslaga blir framstilte med fine ord som framtidsretta, mangfald, effektivitet og konkurransekraft, forenkling og økt produksjon på norske ressursar. Dale ser landbruket og han ser verdiane i landbruket. Jau, han er ein politikar med ordet i si makt.

Men landbruk forstår han seg visst ikkje på

- Landbruksminister Dale seier han vil landbruket vel, men når vi no står ved eit vegskilje går han til høgre i staden for å gå vidare framover. Møre og Romsdal Bondelag meiner dei endringane Dale tek til orde for vil i mange tilfelle verke motsett av det han sjølv trekkjer fram som positive trekk ved det norske landbruket. - Sjølv om vi kan møtast og bli einige om ein strategi for klimatiltak i jordbruket og om auka bruk av utmarksbeite, så druknar desse positive initiativa i ei rad negative endringar som vil verke motsett av det Dale seier han vil.

- Dale vil legge til rette for auka rekruttering, seier han. Tidlegpensjon vil han fjerne sjølv om det kan gjere at dei yngre får sleppe raskare til. Pengar øyremerkte til avløysing til ferie og fritid vil han kutte ut, sjølv om lite fritid er eit tungt argument for å ikkje bli bonde for mange unge som står midt oppi valet om vegen framover.

Distriktslandbruket blir svekka

Leiar i Møre og Romsdal Bondelag, Oddar Mikkelsen, seier at for dei som driv med gris, egg, geit, korn, potet eller eple blir inntekta litt meir usikker framover fordi vi ikkje lenger vil få same rett til å forhandle om prisen eller regulere utbodet av varer i marknaden gjennom oppbygging eller nedbygging av lager. Distriktslandbruket skal prioriterast og produksjonsdelinga mellom korn og grønsaker på den jorda som er eigna til det i flatbygdene og grasbasert husdyrhald i resten av landet skal styrkast, seier han. Men han vil forenkle verkemiddelbruken og gjere den mindre treffsikker. Dale vil ha færre omsetningsregionar for mjølk. Det vil kunne føre til sterk sentralisering av mjølkeproduksjonen. Det vil ikkje auke den samla norske matproduksjonen. Bygdene med små bratte grasareal der mjølk er hovudproduksjonen i dag kan miste eksistensgrunnlaget sitt.

Oddvar Mikkelsen har også merka seg at Dale vil legge opp til at kraftfôrbaserte produksjonar som egg og kvitt kjøt skal sentraliserast rundt slakteri og eggpakkeri. Det vil auke smittepresset mellom gardane og slik auke medisinbruk og gjere produksjonen meir sårbar.

- Det er meininga å få meldinga vedteke før jordbruksforhandlingane tek til. Vi skal ha mange og lange diskusjonar fram til da. Landbruket er godt rusta med dyktige folk og vi har gode støttespelarar. Vi skal klare å gjere dette til ei melding vi kan leve med framover men det krev at vi heng saman så vi ikkje blir hengde kvar for oss, seier leiar i Møre og Romsdal Bondelag, Oddar Mikkelsen.

Koronavirus mot klimakur

- Koronaviruset har gitt samfunnet ein kraftig vekkjar, og heller ikkje klimadebatten bør bli den same etter krisa, skriv skribent i Nationen, Audun Skjervøy, bonde frå Valldal og nyvalt styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag.

Meld deg som husdyravløyser!

Landbrukstenestene i Møre og Romsdal samarbeider med kommunene i sitt ansvarsområde om å bygge opp en reservestyrke for husdyravløsning dersom behovet for ekstramannskap oppstår i forbindelse med Korona-pandemien.

Må bevare kanaliseringspolitikken

- Selv om regjeringen skulle legge mye penger på bordet, bør vi ikke inngå en avtale som ikke bevarer kanaliseringspolitikken, skriver styret i Møre og Romsdal Bondelag i sin uttale til jordbruksforhandlingene 2020.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Vellykket konferanse om levedyktig landbruk

Vel 170 personer deltok på den årlige næringskonferansen for landbruket i Møre og Romsdal i Molde fredag 6. mars om levedyktig landbruk. Det ble en vellykket konferanse med godt faglig påfyll for deltakerne.

UTSATT temadag eigarskifte

Temadag eigarskifte laurdag 28. mars er utsatt til situasjonen med koronaviruset normaliserer seg og vi kan gjennomføre møter igjen. Mest sannsynlig blir det ny temadag eigarskifte ein laurdag i september/oktober, men dato blir ikkje fastsett før i midten av august.

Kompliserte ordninger når bonden skal ha barn

Konrad Kongshaug fra Averøy er gjenvalgt som fylkesleder i Møre og Romsdal Bondelag. I en uttale om «når bonden skal ha barn» krever fylkesårsmøtet at bondeyrket må bli lettere å kombinere med graviditet og fødsel

Dette skjer i Møre og Romsdal Bondelag

Lørdag
28
mars

UTSATT temadag eigarskifte

UTSATT
Onsdag
01
april

Styremøte M&R Bondelag

Felleskjøpets møterom i Molde
Onsdag
27
mai

Styremøte M&R Bondelag

Molde

Våre samarbeidspartnere