Ein aktiv delegasjon frå Møre og Romsdal deltok på ”Bondetinget” på LIllehammer 5. og 6. juni saman med 300 andre delegatar og gjestar. Lars Petter Bartnes, Nord-Trøndelag, vart gjenvalt som leiar.

Tidligare fylkesleiar Arne Magnus Aasen, Tingvoll, vart gjenvalt og har vore ordførar i Norges Bondelag sidan 2013. Ordføraren innkaller og leiar organisasjonens årsmøte og har møterett og talerett i Bondelagets styre.

Gjenvalt vart også Audun Skjervøy, Norddal, som driv med jordbær og potet i Valldal og går no inn i sitt andre år som 3. varamedlem i Bondelagets nasjonale styre. Han er medlem i Grøntutvalet for bondelaga på Vestlandet, leiar i Valldal Bondelag og har tidligare vore styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag.

Etter leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, si tale til årsmøte var det mange og engasjerte innlegg frå utsendingane frå heile landet. Utsendingane frå Møre og Romsdal var også aktive på talarstolen.

Velferdsordninga

Styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag, Hilde Kjersem Kolberg (Foto: Arnar Lyche)Styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag, Hilde Kjersem Kolberg, Fræna, presenterte seg som ei som tilhøyrer ei gruppe som er ekstra ønska inn i næringa: ung, jente og fersk mjølkebonde.

- Og i tråd med det statsministeren ønsker, så vil eg gjerne føde fleire barn, og gje mine 2 barn fleire søsken. Men dette er eit prosjekt med ei viss tidsbegrensing. Det er viktig med gode ordningar for å legge til rette for å kombinere baby og småbarnstid med å drive gard. Eg var tilsett i anna verksemd da mine to barn var fødd, og hadde det enklare med omsyn til permisjon. Eg er i ein anna situasjon no. No må nokon inn og ta plassen min på garden viss eg skal ha permisjon. For vår gard er det viktig å halde oppe produksjonen, både i omfang og kvalitet på grunn av store investeringar. Det er viktig med utdanning innan landbruksfag, MEN vi i næringa må ta ansvar og sørge for at vi gir dei jobb og legg til rette for at dei er der når vi treng dei, sa ho.

Hilde Kjersem Kolberg utfordra Bondelaget med tre punkt som dei spesielt må jobbe med:

1) Auke dagsatsen. Tilskot må harmonere med kostnaden

2) Tilskot til avløysing ved fødsel og sjukdom bør kunne gis til samdriftsdeltakarar eller ektefelle/samboar. Dei kjenne drifta best og er dei som i mange tilfelle uansett må ta mykje av arbeidet. Det lettar samvitet å vite at dei fekk løn for strevet.

3) Tilskot til avløysing ved sjuke barn sidestilles med sjukmelding. I ein slik situasjon bør ein sleppe å bekymre seg for å ha råd til avløysar/pådra seg dyre lån. Sidestille med tilskot til sjukemelding.

- Sats på tryggheita og sats rekrutteringa, var appellen frå Hilde Kjersem Kolberg i generaldebatten på Bondetinget.

Mjølkeproduksjon

Fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Konrad Kongshaug (Foto: Arnar Lyche)Fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Konrad Kongshaug, Averøy, løfta fram mjølkeproduksjonen på Bondetinget.

- Dei siste åra har vi i landbruksfamilien ved fleire høve hatt store utfordringar med overproduksjon. Dette veit vi alle fører til dårlegare økonomi for oss produsentar. Mykje har skuldast statens iver etter til stadigheit å lempe på tollvernet, men vi har også i mange tilfelle respondert hurtig sjølv, til dømes når konsesjonsgrenser har blitt utvida, sa han.

Konrad Kongshaug meinte ein produksjon som kanskje har sluppe unna dette så langt, er mjølkeproduksjonen. Her har vi vore så heldige at vi har hatt kvoteregionar og enkeltkvoter som har regulert produksjonen med god bruk av eitt par prosent opp eller ned i forholdstall.

- Dessverre har både vi og staten her vore for «layback» i forhold til utfordringar rundt utfasing av eksportstøtta til Jarlsbergosten i 2021. Dette gjer at vårt totale mjølkevolum må reduserast med nesten 10 prosent eller 100 millionar liter. I staden for å ta tak i dette tidlegare har vi skubba dette foran oss. Dette medfører at vi no får det i fanget med eit kjempesmell. Dette blir krevjande og dyrt for næringa, sa han.

Konrad Kongshaug er veldig redd for at det er den aktive produsent som har sett for seg dette som sin framtidige arbeidsplass som må ta heile rekninga, medan dei som har slutta for mange år sidan løper lik null i risiko. Vi må ikkje gløyme bakgrunnen for kvoteordningane som var å regulere ein produksjon for å halde ein stabil pris og ein større forutsigbarheit for den enkelte bonde.

- I dag sit det ofte ein generasjon med arva «produksjonsreguleringsverktøy» med ingen tilknyting til næringa, og tener kanskje 100.000-300.000 kroner kvart år utan å løfte ein finger og har null risiko. I mange tilfelle har dette faktisk blitt eit investeringsobjekt med sers god avkastning, og slik kan vi som næring ikkje ha det lenger, sa Konrad Kongshaug, og meinte vi er på god veg å hamne i same situasjon med mjølkekvotene som det som skjedd i fiskerinæringa.

- Vi som organisasjon må i lag med staten tørre å ta nokre tøffe val framover. Vi må bestemme oss for om vi skal jobbe for dei som er aktive og satsar framtida i norsk mjølkeproduksjon eller som vi skal kome diltande etter. Til lags til alle kan ingen gjera, er eit uttrykk som eg trur vi må ha langt fremme i pannebrasken når dette skal diskuterast, sa Kongshaug.

Han la til at samtidig som vi i nokre produksjonar til tider har opplevd overproduksjon, så er vi på eit historisk lågt nivå når det gjeld sjølvforsyningsgrad av norskproduserte landbruksvarer. Difor er det viktig at vi i tida framover legg meir vekt på å utnytte dei norsk gras- og beiteressursane og produserer mat gjennom drøvtyggarar som vi som menneske kan utnytte der ikkje andre produksjonsformer som t.d. korn og grønsaker let seg gjere. Her utgjer mjølka, sauen og ammekua ei viktig rolle rundt om i distrikta.

Sau og jordbruksoppgjeret

Nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Odd Bjarne Bjørdal (Foto: Arnar Lyche)Nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Odd Bjarne Bjørdal, Ørsta, rosa forhandlingspartane med kravet som vart lagt fram om sau og lam. Vi har framleis ei situasjon som er usikker i henhald til marknaden.

- Når vi ser tilbod og resultat, er eg svært betenkt på sauebondens vegne. Auka intervall på husdyrtilskotet frå 0-126 til 0-150 er svært kortsiktig. Kva skjer når marknaden kjem i balanse og prisane aukar? Jau, då går produksjonen opp og vi får på ny overproduksjon og prisnedgang. Det er ønskje om auka inntekt i sauehaldet, men det kan ikkje berre kome som tilskot, det bør kome i marknaden, sa Odd Bjarne Bjørdal.

Han hadde eit ønskje om at Bondelaget, Småbrukarlaget, Nortura og eventuelt avlsorganisasjonen Sau og geit bør sette seg ned og diskutere ei eller anna form for produksjonsregulering eller kvote før neste års landbruksoppgjer for å få forutsigbarheit i lammeproduksjonen og på den måten få marknadsbalanse og prisoppgang.

- Prisnedgangen siste 3-4 åra kostar sauebonden med 150 sau mellom 50.000-100000 alt etter kor dyktig han er i produksjonen. Det er synd at sauebonden på Facebook og leiaren i Sau og geit rosar tilbodet og resultatet sjølv om det er lite framtidsretta, sa Odd Bjarne Bjørdal.