Kurs i eigarskifte
Saman med våre samarbeidsadvokatar arrangerer Møre og Romsdal kurs i eigarskifte av garden
Første helga i februar var nærare seksti unge og nye bønder samla til sosiale dagar med fellesreise, gardsbesøk, erfaringsutveksling og fagleg påfyll. Stemninga var upåklageleg.
I samarbeid med samvirkeorganisasjonane og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterte Møre og Romsdal Bondelag unge og nye bønder til rundtur på Vestre Sunnmøre. Vi var innom både Flø og Hjørungavåg på vegen, og vi fekk også eit lite døgn i lag på Runde, med overnatting på Christineborg Gjestehus.
Målet med desse samlingane er å etablere nettverk, både for nyetablerte bønder og for dei som er på veg inn i næringa. Det sosiale er viktig – den uformelle praten i bussen og rundt bordet, der folk blir kjent og deler erfaringar.
I tillegg vil vi gjerne formidle relevant kunnskap om næringa, organisasjonane og det å vere ung bonde. Gjennom fjøsbesøk og foredrag fekk vi innblikk i fleire ulike produksjonar. Å sjå og høyre korleis andre driv, både det dei har lykkast med og det som ikkje har fungert så godt, er veldig nyttig.
Her ser vi Årets Unge Bonde 2021, Sofie Rebekka Høybakk, som fortel om drifta si og som også minner oss på den store samanhengen vi er ein del av når ho deler ferske glimt frå Young Farmers Forum (YFF). Sofie var ein av 20 unge bønder frå heile verda som deltok i i YFF i Berlin i januar. YFF la fram ei erklæring med unge bønder sine krav til framtidig landbrukspolitikk som vart presentert for den internasjonale landbruksministerkonferansen under Grüne Woche.
Under ser vi tillitsvalgt i Tine og Felleskjøpet, Jannicke Tafjord, som er stolt samvirkebonde med framtidstru. Her fortel ho om drifta si og om samvirketanken, som er viktig for henne. Her er også eit glimt frå matsalen på Christineborg Gjestehus. Her var det duka for mykje god mat og også for fagleg påfyll.