Matnyttig temadag om eigarskifte
Laurdag 15.oktober arrangerte vi eigarskiftekurs i Molde. Deltakarane ga uttrykk for at kurset var matnyttig. Mange nytta også høvet til å stille spørsmål til samarbeidsadvokatane våre.
Kvar haust inviterer Møre og Romsdal Bondelag til kurs i eigarskifte. Dette er nyttige kurs for alle som nærmar seg eit eigarskifte på garden. Målgruppa er i utgangspunktet alle som har tilknyting til garden, både ny og gammal generasjon. Det er mykje å sette seg inn i og mykje å ta stilling til i samband med ei overdraging. Og det er godt om ein kan bruke god tid til å modne fram og planlegge eit eigarskifte.
Laurdag 15.oktober 2022 var vel femti samla til eigarskiftekurs på Hotell Alexandra i Molde. Det var samarbeidsadvokatane våre, Marit Moe Rasmussen og Øystein Remme, som underviste. Noko av det dei tok for seg var viktige problemstillingar knytt til odelsrett, konsesjon, arv, skattemessige forhold og formuesforhold mellom ektefeller og sambuarar.
Deltakarane ga uttrykk for at kurset var matnyttig. Mange nytta også høvet til å stille spørsmål, enten i plenum eller direkte til ein av advokatane.
Hausten 2023 er det planer om to tilsvarande kurs, eitt på Sunnmøre og eitt på Nordmøre.
Norges Bondelag har eit nettverk av samarbeidande advokatkontor med spesialkompetanse på jus for landbruket. Desse kan vere til god hjelp både i ein eigarskifteprosess og i andre saker. I Møre og Romsdal har vi to samarbeidsadvokatar: Marit Moe Rasmussen ved advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS sitt kontor i Molde og Øystein Remme ved advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS sitt kontor i Ålesund og i Ørsta.
Her finn du kontaktinformasjon samarbeidsadvokatane i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal - Norges Bondelag (bondelaget.no)