Kurs i eigarskifte
Saman med våre samarbeidsadvokatar arrangerer Møre og Romsdal kurs i eigarskifte av garden
Her er det først til mølla! Dette blir sosiale dagar med fellesreise, gardsbesøk, erfaringsutveksling og fagleg påfyll.
I samarbeid med samvirkeorganisasjonane inviterer Møre og Romsdal Bondelag unge og nye bønder til rundtur på Vestre Sunnmøre. Vi skal innom både Hjørungavåg og Flø på vegen, og tilbringe eit lite døgn i lag på Runde, med overnatting på Christineborg Gjestehus. Målet med samlinga er å etablere nettverk, både for nyetablerte bønder og for dei som er på veg inn i næringa.
Det sosiale er viktig. I tillegg vil vi gjerne formidle relevant kunnskap om næringa, organisasjonane og det å vere ung bonde. Det blir felles buss frå Molde, med mulighet for påstigning undervegs.
Invitasjon og program finn du her.
Fint på Flø. (Foto: Lillian Dombestein)