Formålet er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Lag eller foreiningar som har beitedrift og skal investere i felles tiltak og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekter i beiteområde, kan søkje. Målgruppa er beitelag, men der naturgjevne eller driftsmessige tilhøve ikkje legg til rette for samarbeid, kan også enkeltbeitebrukarar søkje.

Tiltaka skal i hovudsak vere stasjonære, sjølv om alle typar tiltak som fremjar beitebruk kan vurderast.

Aktuelle tiltak kan vere:

  •  Sanke- og skiljeanlegg
  •  Bruer dimensjonert for dyr og folk
  •  Sikring av skårfeste
  •  Gjetarhytter/sankehytter
  •  Driftsvegrydding, saltsteinsautomatar og elektronisk overvakingsutstyr

Søknad
Søknad sendast beitekommunen, søknadsfrist er 15. mai 2015. Bruk søknadsskjema og hugs naudsynte vedlegg.