VELLUKKA DAG: Bilete er frå ei mentorsamling i 2020.

 

Om ordninga

Mentorordninga inneber at du som ny bonde inngår ein formell avtale med ein erfaren kollega,  om å bistå som diskusjonspartner i drifta.

Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har ansvaret for ordninga i samarbeid med Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Innovasjon Norge.

Det vert gjeve økonomisk støtte over jordbruksavtalen.

 

Kven kan søke?

For å søke som mentor må du vere ein erfaren produsent innan tradisjonelt landbruk, eller andre landbruksbaserte næringar. Som mentor får du også godtgjersle for arbeidet.  

Produsenten som får mentorhjelp må vere ein ny produsent, eller ein som skal gjere endringar i drifta. Tilbodet er gratis.

Mentorpara inngår ei avtale som består av kommunikasjon og møter gjennom eitt år.

 

Dersom du ynskjer å melde deg på/har spørsmål kan du kontakte regionkontakt Leif Trygve Berge på               982 45 839 / leif.trygve.berge@nlr.no

 

Frist for å melde seg på er 1.desember 2022.