Viltseminaret lagt til Florø den 15. og 16. mars
Etter å ha skipa til viltseminar i Førde dei siste tre åra er no møtet lagt til FlorøSogn og Fjordane Bondelag er medarrangør, medan det er Norsk Hjortesenter på Svanøya som står for det meste av førebuinga. Hjorteforvaltning og beiteskade grunna hjort er eitt av tema som skal setjast fokus på.
VILTSEMINARET ER EIT SAMARBEID mellom Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Bondelag,og Stiftelsen Norsk Hjortesenter. Det set fokus på aktuelle tema i høve hjortevilt, småvilt og rovvilt. Målet er å skape ein felles møtestad og arena for den kommunale viltforvaltninga, grunneigarar, jegerane og elles alle med interesse for vilt og viltforvaltning.
Som arrangørar har vi gleda av å ønske velkomen til to innhaldsrike dagar og eit seminar som er ein viktig arena for fagleg oppdatering og for å bygge nettverk.
Blant årets foredragshaldarar er Arne Nævra, Tor Punsvik, Frode Lyssandtræ, Alf Erik Rørvik, Torstein Storås, Jo Trygve Lyngved, Stein Joar Hegland, Erik Lund, Johan Trygve Solheim med flere.
Her finn du: LENKJE TIL PÅMELDING