LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Gry Ingvild Agjeld.

 

-Eg er glad for at det er eit samla jordbruk som har framforhandla avtalen.

Det seier Gry Ingvild Agjeld, leiar i Vestland Bondelag. Ramma for avtalen er på 3015 mill. kroner. Det gjev ei tetting av det berekna normerte inntektsgapet på 60.000 kroner pr. familieårsverk.

-Det er mindre enn kravet frå jordbruket, men det er eit steg i rett retning.

Dette er første jordbruksoppgjeret etter at Stortinget behandla meldinga om auka sjølvforsyning, og plan for opptrapping av inntektsmogelegheitene i jordbruket.

-Jordbruket forhandla fram ein forhandlingsgevinst på 395 millionar kroner.

 

Auka norsk matproduksjon – avgjerande for beredskapen

-Eit nytt pristilskot for mjølk er på plass og skal innførast alt frå 1.juli. Det er eg svært glad for.

Agjeld fortel at mjølkeproduksjonen er ekstremt viktig for Vestland, og at eit skikkeleg løft må til for å sikre ei betring i økonomien for mjølkeprodusentane. Skal vi produsere meir norsk mat og nok norsk mjølk, må det lønne seg å produsere dei ekstra litrane for bøndene.

-  Mjølkemangelen i vinter viser at det er viktig for forbrukarane at det er nok norsk mjølk, skal vi levere nok må bonden få betalt.

 

Sau og ammekyr

-Inntektsnivået for sau og ammeku er framleis for lågt.

Agjeld fortel at nivået vart løfta gjennom forhandlingane, men ikkje nok.

-Vi har ein god balanse i marknaden på sau- og lammekjøt, og eigentleg litt underdekning på gode lammeslakt. Vi treng optimisme i sauenæringa. Det er bra staten kom med meir pengar til ammeku og sau i forhandlingane, men vi må få ei sterkare prioritering av grasbasert produksjon vidare.

Dei store gras- og beiteressursane som er i Norge må brukast til matproduksjon. Ved å gjere det, sikrar ein også norsk sjølvforsyning.

 

Grøntsatsing

-Avtalen vidarefører satsinga på grøntproduksjon. Blant anna med å sjå på moglegheit for eit nytt tilskot til produsenteigde pakkeri. Dette  er viktig for distriktsgrønt, og vi kjem vi til å følgje opp dette tett. Me vil levere på oppdraget om auka sjølvforsyning. Det å produsere mat er det viktigaste som er, avsluttar Agjeld.