Nils Magne Gjengedal kjem frå Hyen og er andre vara til fylkesstyret. Han har drive med jordbruk i heile sitt liv, både mjølkeproduksjon, sau og pelsdyr. Han veks opp på gard, og i 1984 tok han over drifta. No driv han med mjølkeproduksjon saman med sonen, som har tatt over nabogarden. Dei har 170 tonn i kvote og båsfjøs. Sonen vil byggje nytt lausdriftsfjøs, men det er vanskeleg å få det til å lønne seg med mindre enn 30 kyr.

- Det er viktig å få med dei resterande bruka som framleis har båsfjøs, seier Nils Magne. - Vi må ha investeringsverkemidlar som treffer små og mellomstore bruk spesifikt. Dersom vi ikkje får dei med vidare, vil vi ikkje lenger ha meieri i Byrkjelo eller slakteri i Førde.

Både onkelen og faren til Nils Magne har drive med pelsdyr frå langt tilbake, og Nils Magne har vore pelsdyrinseminør sidan 1985. Han og kona hadde også pelsdyr, men no har dei lagt ned den drifta. Det vert nok slutt med pelsdyrinseminering også, 2020 vert nok diverre siste sesong.

Kvar sommar driv dei støylsdrift på Gjengedalsstøylen. Her har dei mjølkeproduksjon frå juli til september. Dei har veg til støylen, og Tine hentar mjølka som vanleg på garden.

Nils Magne har lang fartstid som tillitsvald i Bondelaget, det første vervet fekk han i 2000. Har var med i styret i Hyen Bondelag, og har vore tillitsvald i Sogn og Fjordane Bondelag sidan 2008. – Eg har ikkje vore happy med alt i Bondelaget, men eg er ikkje konfliktsky og er ikkje redd for å kalle ein spade for ein spade, seier Nils Magne. Han har også hatt mange andre verv, både i Tine, Geno, Fjordhestlaget, grendalaget, veglaget til stølen og jaktlaget til Gjengedal. Verva har gjeve han kompetanse innafor mange ulike område.

I Vestland Bondelag er han mellom anna opptatt av å komme i gong med vervinga. Han har leia verveutvalet i Sogn og Fjordane Bondelag i mange år.

Kva for andre oppgåver er viktig for deg i Vestland Bondelag?

- Vi må få alle med, vi må støtte dei store og løfte dei små. No som vi står i startgropa til eit nytt fylkeslag, må Norges Bondelag delegere oppgåver til dei nye fylkeskontora. Det er for stor avstand til Norges Bondelag sentralt. Vi skal setje vestlandsbonden høgst på agendaen uansett om vi må snakke Norges Bondelag midt i mot. Det er vi som veit kor skoen trykker.

- Det nye styret må vere lyttande, høyre på alle og ha god takhøgde. Vi skal byggje laget saman og lokallaga må få eigarskap til det nye fylkeslaget.  Vi skal fare fint med alle, men ikkje pakke ting inn i bomull. Eg vil heller bli kasta for å meine noko, enn å surfe med utan meiningar, seier Nils Magne.

Nils Magne er på støylen frå juli til september. Foto Liv Kristin Sola

Gjengedalsstøylen. Foto Liv Kristin Sola