Viktig styrking av krav til dyrevelferd i svineproduksjonen
- Vi i Sogn og Fjordane Bondelag er positive til at ei samla svinenæring vil stille strengare krav til dyrevelferda i næringa, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde i ein kommentar til næringa sitt møte med Statsråd Olaug Bollestad i dag.
Det vi såg sist veke i NRK Brennpunkt er heilt uakseptabelt! Det vil difor vere svært viktig at næringa set i verk tiltak som kan sikre dyrevelferda i norsk svinehald, og gjere oss i stand til å nedkjempe den typen uakseptable haldningar som vart synt i filmen held fylkesleiaren fram.
Ei lovfesting av dyrevelferdsprogrammet vil medføre, at om ein skal drive med svineproduksjon må ein vere med i dyrevelferdsprogrammet. Da tykkjer vi er heilt i orden, seier Felde
Styrking av dyrevelferdsprogrammet, som vart presentert for statsråden i dag, medfører også eit obligatorisk kompetansekrav når det gjeld dyrevelferd og betre varslingsrutinar frå slakteria til Mattilsynet. I tillegg skal slakteria kunne avslutte samarbeidet med bønder med dårleg dyrevelferd. Då skal det heller ikkje vere mogleg for desse bøndene å levere til andre slakteri. Dette er viktige innstrammingar som synleggjer at næringa står samla bak, poengterer Felde.
I samarbeid med Norsvin går Norges Bondelag nå saman om å organisere besøksringar for bønder i svinenæringa. Dårlige haldningar gjev dårleg åtferd. Dei haldningane som vart synt i filmen må vi til livs. Det å kunne møte kvarandre i fjøsen og snakke saman på ein positiv måte vil vere bra. Haldningsskapande arbeid vil vere avgjerande, for vi kan ikkje tolerere den typen haldningar som filmen synte avsluttar fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde.
Dyrevelferda skal vere god og det same skal haldningane til yrkesutøvaren
Meir om møtet med statsråden kan du lese i artiklar på Norges Bondelag si nettside:
Tiltak for å styrke dyrevelferden